Hopp til innhold

Gjer nye avhøyr og søk i Dung-saka

Politiet gjev ikkje opp å finna Dung Tran Larsen i den åtte år gamle forsvinningssaka.

Video Politiet skal starta nye søk etter Dung Tran Larsen

SAKNA I SNART ÅTTE ÅR: Dung Tran Larsen har vore sakna sidan juli 2007. Likevel gjev ikkje politiet opp med å finna ho.

Foto: Privat

Politiet skal gjera nye avhøyr og søk etter den sakna Dung Tran-Larsen, det skriv Bergensavisen.

– Vi har saman med kriminalpolitisentralen gjort ein gjennomgang tilbake til sommaren 2014. Planen var å gjera det i fjor haust, men då fekk vi fleire andre alvorlege saker som vi måtte prioritera fyrst, seier politiinspektør Tore Salvesen i Bergen vest politistasjon.

Fått nyte tips i saka

Dung Tran Larsen (22) har vore sakna i snart åtte år. Likevel har ikkje politiet gitt opp håpet om å finna ho.

– Vi har evaluert den etterforskinga som vart gjort sidan 2014 til i dag, og det har no opna seg ei moglegheit til at vi kan ta opp etterforskinga på nytt og vi har i tillegg fått nye tips i saka, seier Salvesen.

Politiet satsar på å starta opp etterforskinga rett etter sommaren.

– Vi skal kontakta personar vi har hatt kontakt med tidlegare, men og nokon som vi ikkje har avhøyrd tidlegare. Desse personane har meldt seg no i det siste, og det er grunnen til at vi ikkje har blitt avhøyrd, legg Salvesen til.

– Kjem aldri til å gje opp

– Det å avhøyra nokon åtte år etter at forsvinningssaka byrja, korleis er det?

– Det er ikkje optimalt. Vi veit at minna våre vert svekka innan det fyrste døgeret. Å koma åtte år etterpå er vanskeleg, men for oss betyr det mykje at folk framleis tar kontakt med oss, seier Salvesen.

– Sjølv om det er få detaljar folk huskar, så er vi svært interessert i å koma i kontakt med folk som sit med opplysningar som kan hjelpa oss. Vi kjem aldri til å gje opp å finna ho, legg Salvesen til.