Gjensyn med Elise Thorsnes

Kaupanger møter toppserie-leiar Arna-Bjørnar i andre runde i NM-cupen i fotball. Dermed blir det gjensyn med stjerneskotet i norsk fotball, Elise Thorsnes, på Kaupanger stadion 13. juni.

Elise Thorsnes.
Foto: Roger Neumann, VG / Scanpix

- Den tidlegare lagvenninna skal bli godt motteken, seier Kaupanger-trenar Odd Einar Fimreite.

- Får ikkje særbehandling

- Vi skal ta godt imot både Elise og dei andre på Arna Bjørnar både før og etter kampen, men under kampen kjem ho ikkje til å få noka form for særbehandling, seier Fimreite.

Kometkarriere

Elise Thorsnes har gjort kometkarriere i norsk toppfotball. Etter fleire år som lovande talent med spel på aldersfastlagde landslag, slo ho gjenom for fullt etter overgangen frå Kaupanger til toppserieklubben Arna-Bjørnar i vår. Sju mål i dei to siste kampane i toppserien og ein strålande a-landslagsdebut har fått både fagfolk og media til å hente fram både store ord og feite overskrifter.

- Folk må møte opp

- Ja, no får vi håpe at lokalbefolkninga kjenner si besøkstid, for med det vi veit Elise er god for og med det ho har fått til, så må folk møte opp for å sjå, seier Odd Einar Fimreite.

- Har utviklinga hennar i toppserien gått fortare enn det du hadde tenkt deg?

- Moro at ho har lukkast

- Vi veit at ho har eit stort potensial, men at ho skulle blomstre så fort, det er kjempemoro. I fjor gjekk ho mykje skadd og fekk ikkje vist kva ho var god for. No kan ho hauste fruktene av det solide treningsarbeidet ho har lagt ned dei siste to åra. Det er verkeleg moro at ho har lukkast så tidleg.

- Har de andre i Kaupanger-laget som no kan fylgje i spora til Elise Thorsnes?

- Elise er Elise, så vi skal ikkje samanlikna dei andre med ho. Men det finst spelarar både på laget og i yngre årsklassar som kan nå langt om dei trenar godt.

Kunne tenkt seg lettare motstandar

Tysdag 13. juni er den terminfesta datoen for den andre NM-runden. Odd Einar Fimreite gler seg til møtet med serieleiaren, men reint sportsleg kunne han gjerne tenkt seg ein litt lettare motstandar.

- Det hadde vore best om vi hadde fått ein overkomeleg motstandar slik at vi kunne avansere og då kanskje møte Arna Bjørnar eller Sandviken i neste runde, men når det først er blitt slik at vi skal ut mot Arna Bjørnar no, så skal det bli kjempemoro å møte Elise.