Hopp til innhold

Forska på Roar sin hjerne og gjorde enormt gjennombrot – gjev nytt håp til Parkinson

Forskarar i Bergen har som dei første i verda klart å auke mengda av eit viktig stoff i menneskehjernen.

Roar Iversen, mann med briller i profiil, ser utover vann i Bergen, gul kran i bakgrunnen.

ANAR HÅP: Roar Iversen meldte seg på forskingsprosjektet. No har hjernen til han og 29 andre med Parkinson ført til store nyhende på Parkinson-feltet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kan ein enkel pille påverke hjernen vår?

Det var spørsmålet forskarar i Bergen ville ha svar på. Etter å ha forska på 30 pasientar i bergensområdet er svaret klart.

– Vi har funne ut at vi kan auke mengda av eit livsviktig stoff, NAD, i hjernen. Det kan vere viktig for fleire sjukdomar, som Parkinson, ALS og demens.

Det seier Charalampos Tzoulis. Han er professor og overlege i neurologi ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Dei blå pillene

Dei ser ut som heilt vanlege kapslar. Og det er dei for så vidt og. Dette er kosttilskot som er å få kjøpt over disk i dag.

Likevel kan desse pillene revolusjonere behandlinga av fleire hjernesjukdomar.

Tzoulis leier forskingsgruppa som no trur dei står framfor eit medisinsk gjennombrot.

– NAD er naudsynt for energistoffskiftet og for å bevare arvestoff. Det forsvinn vanlegvis gradvis med sjukdomar og alderdom. Vi har bevist at ein pille kan få opp NAD-nivået i ein menneskehjerne.

Det er vanskeleg å påverke hjernen direkte gjennom det ein et. Men no har dei funne ein veg inn.

Kapslar som auker NAD-verdiane i hjernen.

KAN GJE GOD EFFEKT: Det er slike kapslar som auker NAD-verdiane i hjernen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nytt håp

Ein av dei som deltok i studien er Roar Iversen.

– Eg skjelv på høgresida av kroppen. Og eg slit med å få sove. Og så veit eg jo at eg berre vert verre.

Det har gått litt over to år sidan han fekk diagnosen Parkinson. Han trener mykje og tek medisinar for å gjere symptoma mildare.

Han veit ikkje om han fekk dei ekte pillene eller placebo i undersøkinga. Uansett gjev forskingsarbeidet håp om eit betre liv.

– Det ville vere ei stor lette om pillene faktisk kan hjelpe. Eg bruker enormt mykje tid på å halde att sjukdomen. Om ein med enkle grep kan bremse utviklinga, vil det rett og slett vere fantastisk.

Vidunderstoffet NAD

I det gamle hovudbygget på Haukeland teiknar og forklarer Tzoulis korleis eit auka nivå av NAD kan gje positive ringverknader.

Det var han og ein kollega som først tenkte at ein kan auke NAD-nivået på denne måten, for å bremse Parkinson-sjukdom.

Før forskarteamet kan konkludere med at dei verkeleg har funne ei pille som kan bremse sjukdomar som Parkinson, må dei no gjennomføre fase to av forskingsprosjektet.

Fire hundre pasientar frå heile landet vil få tilbod om å delta. Så omfattande og dyre studiar vert berre sett i gang om ein meiner det er sannsynleg å finne det ein leiter etter.

– Vi veit at vi kan auke NAD-nivået i hjernen. No må vi bevise at dette har ein positiv effekt på sjukdomar.

Åtvarar mot sjølvmedisinering

Tzoulis seier svara frå undersøkinga er klar mot slutten av 2023.

Det er mogeleg å sjølv kjøpe stoffet som forskarane no meiner har positive effektar. Tzoulis åtvarar likevel sterkt mot å prøve å sjølvmedisinere seg.

– Riktig mengde er særs viktig. Og det er mange produkt som slett ikkje inneheld det dei lover.

Han ber folk med å vente til dei har kvalitetssikra forskinga. Og han har god tru på at dei står framfor eit gjennombrot.

– 99 av 100 gonger stemmer ikkje hypotesen heilt. Då er det særleg gjevande når det stemmer.

– Dette vert opplevd som eit slikt eureka-augeblikk som gjer alt arbeidet verdt det.

Forskar og professor Charalampos Tzoulis

GJENNOMBROT: Forskar og professor Charalampos Tzoulis trur dei står framfor eit gjennombrot.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK