Hopp til innhold

Tapte svelekampen mot Fjord1

Kapteinen og overstyrmannen ville ikkje ha ansvaret for den sjølvbetente kiosken med sveler og brus, men no har retten bestemt at dei må.

Sveler i automat på Anda-Lote

KVEN SKAL FYLLE PÅ AUTOMATEN?: Sogn og Fjordane tingrett måtte avgjere om Fjord1 kan krevje at styrmenn skal fylle på ferjeautomatane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ei svele er for mange ein viktig del av ferjeturen over fjorden.

Men på mange av desse ferjene har kioskpersonellet vorte effektivisert vekk.

I staden for nysteikte sveler i kiosken, må kundane handle sveler i plast frå ein automat.

Men kven har ansvaret for å etterfylle sveler og brus på desse automatane?

Og ligg det innanfor myndigheita til arbeidsgivar å instruere ein kaptein og ein styrmann – som vart tilsett på andre vilkår – til å gjere det?

Det er problemstillinga som Sogn og Fjordane tingrett denne sommaren har tatt stilling til.

Saka hamna på bordet deira etter at ein kaptein og ein overstyrmann gjekk til sak mot arbeidsgjevaren sin, Fjord1. Dette er ei sak som også er drøfta mellom tillitsvalde og ferjerederiet. Norsk Sjøoffiserers forbund har protestert mot endringane.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Kiosk, Fjord 1

AUTOMATISERT: Kioskane på fleire ferjesamband i Fjord1 er no blitt automatiserte. Reisande må kjøpe mat og drikke frå automatar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Må ut med 260.000 kroner

Kapteinen og overstyrmannen meinte at det ikkje stod noko i arbeidsavtala om å drive kiosk, og at dei må ha nok tid til å vere skipsførarar og tenke på tryggleiken til sjøs.

No har retten konkludert.

I sommar kom Sogn og Fjordane tingrett fram til at drifta av sjølvbetente kioskar ikkje gir betydelege endringar i arbeidskvardagen til styrmennene.

Retten er heller ikkje uroa for at det skal få konsekvensar for tryggleiken til sjøs.

Når det gjeld tidsbruken på kioskdrifta, så legg Sogn og Fjordane tingrett til grunn for Fjord1 sitt anslag på seks timar per veke.

Kapteinen og overstyrmannen må betale 260.000 kroner i sakskostnadar.

No skal dei bestemme seg for om dei vil anke avgjerda. Ankefristen gjeld framleis, og dommen er difor ikkje rettskraftig.

NRK har vore i kontakt med dei tilsette som gjekk til sak mot Fjord1. Den eine vil ikkje uttale seg, og den andre av dei to vil vente med å uttale seg til det er bestemt om saka vert anka eller ikkje.

Advokaten til dei to tilsette, Imran Haider, seier dei ikkje har tatt stilling til ankespørsmålet enno grunna ferie, og har ingen kommentar på noverande tidspunkt.

Tilfreds med at retten sin konklusjon

Ferjereiarlaget er nøgd med avgjerda til Sogn og Fjordane tingrett.

– Fjord1 er tilfreds med at retten kom fram til at skipsoffiserar kan bli pålagde administrativt ansvar for dei sjølvbetente kioskane. Fjord1 er oppteken av servicetilbodet til dei reisande og kioskane er ein viktig del av dette, seier advokat for Fjord1, Kurt Weltzien.

Sveler på Fjord1-ferje

POPULÆRE: Svelene på ferjene er populære blant reisande.

Foto: Fjord1