Hopp til innhold

Gjekk på grunne i Vågsøy

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein lastebåt grunnstøytte søndag ettermiddag i Uvesundet i Vågsøy.

Grunnstøytinga fann stad klokka 14.10, men politiet fekk først melding klokka 15.45.

Skipet gjekk på Trollebøflua i Ulevsundet, og klarte sjølv å ta seg til kai på Trollebø etter grunnstøytinga.

Det var skade på ein ballasttank, men ingen lekkasjar etter uhellet, melder politiet.

Årsaka ti grunnstøytinga er ikkje kjent.