Fiskeskøyta framleis ikkje heva

Problem med ei vasspumpe gjer at den 50 fot lange fiskeskøyta som gjekk ned ved Stamnes vert liggande.

Båt sunket i Vaksdal

GJEKK NED: Onsdag sakk ei 50 fots fiskeskøyte ned ved verkstaden til Bjarne Olav Eidnes.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Den 50-fot lange fiskeskøyta som gjekk ned på Stamnes er framleis ikkje heva.

M/SK «Nesheim», som gjekk ned ved kaien på verkstaden i den vesle bygda, lakk ut diesel i Veafjorden, og brannvesenet måtte rykke ut for å lense.

Eigaren av skøyta, Bjarne Olav Eidnes, seier til Bergens Tidende at skøyta truleg ikkje vil bli heva før måndag.

Årsaka skal vere problem med ei vasspumpe, men då denne var reparert, var tidvatnet for høgt, forklarar Eidnes til BT.

Diesellekkasje i Veafjorden ved Stamnes

LEKKASJE: Store mengder diesel hamna i Veafjorden då fiskeskøyta sakk ved kai på verkstaden på Stamnes.

Foto: Renathe Vik

– Tek lengre tid enn venta

Etter planen skulle skøyta bli heva torsdag.

Varaordførar i Vaksdal kommune, Sigmund Simmenes fortel at han køyrde forbi staden sundag kveld, og bekreftar at skøyta enno ligg under vatn.

– Den var komen så langt opp at dekket låg like i overflata. Det ser ut til at det vil ta lengre tid enn det vi først rekna med, seier han til NRK.

Han vil vente til skøyta er heva før han uttalar seg meir om saka.

– Eigar og brannvesen må undersøkje og slå fast kva som gjorde at ho sakk. Så kan vi vurdere kva vi vil gjere vidare når vi veit det, seier han.

Egil Kaland (41) Line Eide Vik (33) Ida (6), Tilde (8)

NABOAR: Line Eide Vik og Egil Kaland ynskjer ikkje at døtrene Tilde og Ida skal vokse opp med båtverkstaden på Stamnes som næraste nabo. Dei vil ha Eidnes og verkstaden vekk frå bygda.

Foto: Mette Anthun / NRK

«Verkebyll» i bygda

Verkstaden til Eidnes har skapt frustrasjon på Stamnes i ei årrekkje. Bebuarar i bygda har forsøkt å få verkstaden bort, men har hittil ikkje lukkast.

Ekteparet Line Eide Vik og Egil Kaland fortalde torsdag til NRK at lukta frå verkstaden er så sterk at dei må sove med vindauga att.

– Det er ikkje ein nabo ein vil ha, rett og slett. Han øydelegg ein stad som kunne vore brukt til heilt andre ting enn søppelplass, sa Kaland.

Miljøvernsjef hjå Fylkesmannen i Hordaland, Kjell Kvingedal, har fått mange telefonar om drifta på verkstaden.

– Dette er ei komplisert sak som vi har halde på med dei siste ti åra. Det er ikkje nokon enkle løysingar på dette, men eg opplever at utviklinga har vore positiv dei siste åra. Derfor var det uheldig at dette skjedde no. Men ikkje overraskande – vi mistenkte at dette kunne skje, sa Kvingedal til NRK fredag.