Hopp til innhold

Gjekk klar av det verste uvêret

– Det kom mindre nedbør enn vi frykta, og det trefte meir aust for Sogn og Fjordane enn vi forventa, seier Per Glad, som er vakthavande hydrolog i NVE.

Skredvarsel frå NVE

Laurdag gjekk NVE ut med varsel om fare for jordskred i eit større område i Sør-Norge . Det var då venta ein kortvarig men intens situasjon, der det var venta mykje nedbør i løpet av nokre få timar frå midnatt og fram til sundag morgon.

– No var det dei indre delane av Sogn som var med i vårt varsel. Når ein sender ut slike varsel så må ein ta høgde for den uvissa som ligg i akkurat kvar den store nedbøren kjem, og difor varslar ein gjerne for eit litt større område, seier Glad.

– Har det fått meldingar om skadar så langt?

– Nei, men no er det tidleg sundag enno, så vi får vente å sjå.

Det verste vêret er no over og dermed minkar også skredfaren.

– Enkelte stader kan det framleis vere skredfare, men stort sett stå minkar skredfaren ganske fort når nedbøren har gitt seg, seier Glad.