Hopp til innhold

Gjekk inn for utviding både austover og vestover

Bystyret i Flora gjekk med 23 mot 12 stemmer inn for at Fjord Base skal få utvide både i vestleg og austleg retning i Florø.

FJORD BASE - FLORØ
Foto: Harald M. Valderhaug

– Vi vedtok å opne for ei vestleg utbygging på 200–300 mål, samstundes som vi også regulerer eit stort areal austover. Vi er då godt rusta til å dekke behovet for industri- og næringsareal i tida framover, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Vedtaket vart gjort med 23 mot 12 stemmer. Solheim-Olsen var sjølv ugild, og deltok ikkje i avstemminga.

I rådmannen sitt framlegg låg det også inne at Langholmen vert teken ut av området.

– Dette er vel mykje i tråd med det utbyggjarane har hatt som sitt ønskje. Vi tok ut Langholmen, som ligg nærast busetnaden, i og med at Westcon har signalisert at dei ikkje hadde behov for den på kort sikt, seier Solheim-Olsen.

Betyr mykje for framtida

Oljebasen Fjord Base ligg like ved Florø sentrum. Basen er i kraftig vekst, og ein spår at det kan bli så mykje som 500 nye arbeidsplassar, dersom dei får lov til å utvide.

Men motstanden har vore sterk blant mange med tanke på kor utvidinga skulle skje.

– Vi har regulert delar av Grønenga til industriføremål, samt nokre småholmar som ligg i nærleiken av Fjord Base i nordvestleg retning, seier Solheim-Olsen.

Ordføraren meiner vedtaket i bystyret i dag var viktig for framtida til kystbyen.

– Det er ekstremt viktig for kommunen å ha næringsareal tilgjengeleg for å kunne vere med i kampen om utvikling både av petroleumsretta næring og anna maritim industri. Det gir oss eit konkurransefortrinn at vi no har planar for framtida, som vi ikkje hadde før i dag, seier Solheim-Olsen.

Utbygging kan skje raskt

Han trur ei utviding kan skje ganske raskt.

– Politikarane har gjort dei vedtaka som dei treng å gjere, så no vert det opp til utbyggjarane å leggje ein tidsplan på dette, seier Solheim-Olsen.

Han trur ikkje Statoil sine planar om å flytte mesteparten av forsyningsaktiviteten sin frå Florø til Mongstad vil bety at det er mindre behov for meir areal.

– Det trur eg ikkje. Statoil har varsla ei omlegging av aktiviteten sin, og det betyr redusert aktivitet på nokre område. Men vi har stor tru på at det betyr auka aktivitet på andre område, seier Solheim-Olsen.

Han legg til at det å ha tilgang på næringsareal gir Florø ei konkurransekraft.

– Spesielt med å tiltrekkje oss nye aktørar i den petromaritime næringa, seier Solheim-Olsen.