Hopp til innhold

Gjekk fleire månadar før Vemund (24) fekk skabbdiagnose: – Legen sa det var noko anna

Førekomsten av skabb held fram å auke, men allmennlegar slit med å diagnostisere. – Fastlegar ser sjeldan skabb, meiner Legeforeningen.

Vemund

DYRT DYR: Vemund Knudsen måtte bruke over 10 000 kroner for å bli kvitt skabb.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Legen min sa at det kunne ikkje vera skabb, det måtte vera noko anna, seier Vemund Knudsen.

Han fekk skabb i 2018, men det tok fire-fem månadar før han fekk det bekrefta av ein hudlege. Då han endeleg fekk diagnosen måtte han kjøpe medisin – for 10 000 kroner.

– Hudlegen såg det jo på to sekund. Det var rett under dermatoskopet, så var det bekrefta, seier Knudsen.

Prisen for å bli kvitt det var høg. Han måtte bruke både krem, tablettar, og andre legemiddel for å bukt med kløen før skabben takka for seg.

Vanskeleg å diagnostisere

Marte Kvittum Tangen er leiar for Norsk foreining for allmennmedisin. Ho meiner at skabb er krevjande å diagnostisera.

– Skabb kan likne på insektstikk og atopisk eksem, så dette er ingen enkel diagnose å stille.

Ho seier at det er såpass uvanleg at ikkje alle legar er like raske med å sende pasientane til hudklinikk.

– For kvar enkelt fastlege er det sjeldan ein ser skabb.

Marte Kvittum Tangen, leder i Norsk forening for allmennmedisin

KREVJANDE Å DIAGNOSTISERE: Leiar for norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, seier skabb kan likne på så mykje anna hudsjukdom.

Foto: Legeforeningen

Sikker diagnose før behandling

Hudlegane Emilia Hugdahl og Eli Synnøve Lilleskog ved Bryggen Hudlegesenter meiner at feildiagnostiseringa òg kan gå andre vegen.

– Under korona har mange fått handeksem på grunn av hyppig spriting og handvask. Så les ein at skabb er på veg opp, og så kjøper ein masse medisin utan at det er det, seier Hugdahl.

Kan allmennlegar for lite om skabb?

– Det viktigaste er at allmennlegar straks vurderer skabb hjå pasientar som klør, seier Lilleskog.

Ho seier at ein ha eit dermatoskop for å stille ein korrekt diagnose. Dette er det ikkje alle allmenlegar som har.

– Viss allmennlegar mistenker skabb hjå ein pasient, men ikkje har dermatoskop må pasienten sendast til hudlege, legg Lilleskog til.

Hudlegane Emilia Hugdahl og Eli Synnøve Lilleskog

FULL TIMEBOK: Hudlegane Emilia Hugdahl og Eli Synnøve Lilleskog får stadig fleire førespurnader frå personar med skabb.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Tre grunnar til spreiing

Sjølv om det har vore koronarestriksjonar i over eit år, aukar framleis førekomsten av skabb.

Hugdahl kallar det ein epidemi, og peiker på tre grunnar til at det spreier seg:

  • Medisinane er så dyre at folk ikkje har råd til behandling
  • Ikkje alle medisinane er like effektive
  • Ikkje all behandling er på resept

Kostnadane med skabb er høge også fordi det ikkje er nok å berre få behandling sjølv.

Alle i ein husstand må få behandling viss ein har fått det, som har ført til saker NRK tidlegare har skrive om der familiar har betalt over 70 000 kroner.

Marte Kvittum Tangen vil ikkje kalle det ein epidemi. Ho meiner heller at me er inne i ein bølgetopp som snart kan minke.

– Skabb kjem og går i syklusar over periodar. Så blir ein immun, og så minkar førekomsten igjen.

Sjekking av skabb med dermatoskop

SKABB-SJEKK: Ein må helst bruke dermatoskop for å sjekke om det er skabb eller ikkje.

Foto: Lidvard Sandven / NRK