Hopp til innhold

Gjekk du glipp av styremøtet?

I dag sendte NRK Sogn og Fjordane styremøtet i Helse Førde direkte i nett-TV. Her kan du sjå opptaka av møtet.

Styremøte i Helse Førde
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eit samla styre i Helse Førde røysta for den omdiskuterte strategiplanen under budsjettmøtet. Styret røysta også for å flytte psykoseposten Eira i Førde til psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset.

Helse Førde skal spare 150 millionar kroner på tre år, , men ifylgje viseadministrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, skal pasientane få eit like godt tilbod.

Styret tek ikkje endeleg stilling til eventuelle nedleggingar og omleggingar no.

Men nestleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde styret seier dei må sjå på arbeidsdeling mellom sjukehusa, og at ei slik omstilling vil merkast i fylket.

Her kan du sjå heile møtet i opptak: