Hopp til innhold

Gjekk av bana til ironisk applaus – erstattaren scora

SOGNDAL – SANDNES ULF 1–1 (NRK): Start-klare Martin Ramsland vart bytt ut etter 70 minuttar, til spreidd buing og ironisk applaus frå heimesupporterane.

Martin Ramsland i duell

FEKK 70 MINUTT: Martin Ramsland fekk 70 minutt på bana i kampen mot Sandnes Ulf.

Foto: Christian Blom / Christian Blom

Laster innhold, vennligst vent..

– Det fekk eg ikkje med meg, og det bryr meg ikkje så mykje. Men eg tenkjer at det er bra folk viser engasjement, seier sørlendingen.

Skreiv under for opprykksrival

Martin Ramsland var endeleg tilbake i ein offisiell kamp for Sogndal etter at heile fjorårssesongen rauk med skade.

Det vart spelt i 70 minuttar då spissen vart bytta ut til fortel for debutanten Alioune Ndour. Frå tribunen var det ikkje berre ros å hausta då han jogga av bana. Ramsland har nemleg signert for Start, og skal spela for ein av Sogndal sine opprykksrivalar frå hausten av.

Det var spreidd buing og ironisk applaus då han gjekk i garderoben.

– Det er naturleg at folk reagerer når eg snart byter klubb.

– Er det litt rart å spela for eit opprykksjagande Sogndal, når du seinare i sesongen skal spela for eit opprykksjagande Start?

Martin Ramsland
Foto: Christian Blom / Christian Blom

– Det er ein kinkig situasjon sånn sett, men mitt mål for sesongen er å rykka opp med to klubbar. Eg trur det er realistisk, seier Ramsland.

Sogndaltrenar Eirik Bakke trur ikkje Ramsland kjem til å setja på bremsen for Sogndal, sjølv om å scora for Sogndal potensielt kan bety ein tøffare kamp om opprykk for Start for Ramsland.

– Han går ut på bana med ambisjon om å scora mål. Det blir ein tøff konkurranse med dei andre om speletid, og me vurderer han på lik linje som dei andre: på prestasjon. Det er ingenting å seia på innsatsen hans i dag, seier Bakke.

Mange feil

Det var ein trasig 1. omgang publikum vart vitne til på Fosshaugane Campus denne søndagskvelden. Allereie etter eitt minutt scora Sandnes Ulf. Kent Håvard Eriksen kom seg fri i boksen til Sogndal, skaut via eit sogndalbein, ballen gjekk i boge over sogndalkeeper Mathias Dyngeland og i mål.

Feilpassningar, enkle feil og dårlege val prega omgangen frå begge lag.

Eirik Bakke
Foto: Christian Blom / Christian Blom

Trenar Bakke var tydeleg ikkje nøgd, og i pausen gjorde han to byte og endra formasjon. Heimelaget skaut ut av startblokkene, og køyrde over bortelaget dei første 20 minuttane.

– Det var ein skuffande prestasjon. Dårleg 1. omgang og godkjend 2. omgang. Det var langt unna slik me har sett ut i oppkøyringa, seier trenaren.

– Me kunne vunne på slutten, men kunne fort tapt også. Me skal ta med oss det poenget.

Debutanten avgjorde nesten

Det var først då Alioune Ndour gjorde vart bytt inn etter 70 minuttar, det losna for Sogndal. Etter ni minutt på bana stanga han ballen knallhardt i mål på eit hjørnespark.

På overtid var det berre ei kjemperedning av Sandnes Ulf-keeperen som hindra han i å bli tomålsscorar, og henta alle tre poenga for Sogndal i debuten sin.

Alioune Badou Ndour

SCORA NESTEN TO: Alioune Ndour scora Sogndal sitt mål. På overtid var han berre ei feberredning unna å avgjera det for heimelaget i debuten sin.

Foto: Christian Blom / Christian Blom

– Eg er så glad, så glad for scoringa! Det var verkeleg nærme at eg fekk det andre målet også. Eg håpar den går inn neste gong, slik at me vinn, seier debutanten.

Han kom frå Florø til Sogndal før sesongen, og kan visa seg å bli ei veldig god signering for sogningane.

– Eg vil spela i Eliteserien neste år. Me skal jobba hardt for at me klarer det, og då vil sesongen bli bra. Eg er sikker på at me rykker opp, seier kantspelaren med eit sjølvsikkert smil.

Laster innhold, vennligst vent..