Hopp til innhold

Gje oss jobb så flytter vi heim att, seier ungdommen

FØRDE (NRK): Folketalet i Sogn og Fjordane går nedover, og NAV er urolege. Ungdommen sjølv seier at det er spennande jobbar som skal til for å få dei heim.

Pål Erik Flólo, Früdrich Schäfer og Andreas Guddal.

TREDJEKLASSINGAR: Friedrich Schäfer (t.v.), Andreas Guddal og Pål Erik Flølo har eit år igjen på vidaregåande skule.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Eg vil ha det gøy på jobb og helst tene masse pengar. Eg ser for meg å studere juss eller økonomi, seier Pål Erik Flølo.

Gutegjengen på tre sit i kantina på Hafstad vidaregåande. Dei går i tredje klasse og har nettopp teke fatt på det siste skuleåret i Førde. Gutane er samde om at dei har lyst til å reise til ein større by for å studere, når dei går ut av skulen til neste år.

– Eg trur mange vil oppleve litt større plassar, og så etter kvart kanskje flytte tilbake, seier Andreas Guddal.

– Kva skal til for at de skal flytte tilbake?

– At eg får ein bra jobb, der eg kan kose meg, seier Friedrich Schäfer.

Mørke skyar over trivselsfylket

Måndag gjekk direktøren for Nav Sogn og Fjordane, Thore Torsnes, ut og sa at han er uroa for folketalsutviklinga i fylket. I første halvdel av 2018 har folketalet i Sogn og Fjordane minka med 200 personar, samanlikna med i fjor.

– Det er heilt openbert at vi har eit fødselsunderskot og at det skjer ei forgubbing i befolkninga. Ein slik skeivskap i forholdet mellom yngre og eldre fører til at problemet berre aukar, seier han.

Dette fører til mangel på arbeidskraft og at bedriftene ikkje alltid får tak i den kompetansen dei treng.

– Vi klarer ikkje gjere oss interessante og attraktive nok i arbeidslivet. Vi kan nesten ikkje snakke meir om trivselsfylket, fordi det er mørke skyar vi ser no, seier Nav-direktøren.

Tenkjer ikkje på jobb når dei tenkjer på Sogn og Fjordane

– Vi har ufatteleg mange gode jobbmoglegheiter og i mange næringar er vi verdsleiande. Vi treng eit felles løft slik at vi får formidla den spennande arbeidskvardagen ein kan få i Sogn og Fjordane, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Framtidsfylket jobbar med å trekke folk til å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Hovland forstår bekymringa til Nav-direktøren.

Maria Flatjord Gjelsvik, Urd Andrine Loftheim Valaker og Benedicte Alice Kvammen.

VIL HEIM: Maria Flatjord Gjelsvik (f.v.), Urd Andrine Loftheim Valaker og Benedicte Alice Kvammen trur dei vil flytte heim etter kvart.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Vi gjorde ei kvantitativ undersøking i fjor der vi så på kva slags omdøme fylket vårt hadde. 88 prosent av dei som svarte såg på Sogn og Fjordane som eit spennande område, men dei knytte oss ikkje til gode jobbar. Dette gapet må vi prøve å tette.

Hovland meiner ein må rette seg enno meir mot ungdommen i Sogn og Fjordane.

– Vi må bli betre på å kommunisere til ungdomsskule- og vidaregåande elevar kva slags moglegheiter som finst i eige fylket. Der har vi ein stor jobb å gjere.

Familiar og vener må vere på plass

I jentegjengen på Hafstad vgs. i Førde trur alle tre at dei vil flytte tilbake til Sogn og Fjordane, men først skal dei ut å studere.

– Det er her familien er og det er veldig fint her, men akkurat no har eg lyst til å komme meg vekk herifrå. Eg har lyst til å prøve og bu ein stad som er litt større, seier Urd Andrine Loftheim Valaker.

– Eg trur eg vil flytte tilbake hit når eg blir eldre og er ferdig med studiane, så lenge familie og venner framleis bur her, seier Maria Flatjord Gjelsvik.