Hopp til innhold

Gir vekk kunst for millionar før ekteskapet med Hordaland

Sogn og Fjordane har fått hard kritikk for å gje vekk kraftaksjar til milliardverdiar til kommunane. No vil fylket også gje vekk kunst som truleg er verdt millionar før ekteskapet med Hordaland frå nyttår.

Nikolai Astrup: Soleinatt

HØG VERDI: Eit tresnitt av motivet Soleinatt er eit av bileta som Sogn og Fjordane fylkeskommune no gir vekk.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Sogn og Fjordane er den rikaste fylkeskommunen i Noreg, Hordaland den med dårlegast økonomi. Frå nyttår går dei saman om å bli Vestland, men det er slett ikkje alt sogningane og fjordingane tar med seg inn i det nye fylket.

Først blei det klart at aksjar i pengemaskina Sogn og Fjordane Energi blir fordelt til kommunane i det gamle fylket. Det er snakk om verdiar for milliardar av kroner, pengar som politikarane i Hordaland gjerne skulle hatt tak i.

– Det eg opplever her er at det Sogn og Fjordane har gjort svekker det nye Vestland fylke sin moglegheit til å levere gode tenester som innbyggjarane forventar av oss, sa Frp-topp i Vestland, Terje Søviknes til NRK i august.

Men det stoggar ikkje med kraftaksjane, no er også kulturen blitt ein del av den medgifta som ikkje skal takast med vidare. For i 1986 kjøpte Sogn og Fjordane seks bilete laga av den kjende kunstnaren Nikolai Astrup.

Stor verdiauke

Den gongen for 33 år sidan betalte dei ein privatperson 250.000 kroner for bileta. No legg ikkje fylkesrådmannen skjul på at bileta i dag truleg er langt meir verdt.

I eit dokument til kulturpolitikarane blir det peika på at tilsvarande motiv har blitt selde på auksjon over millionen. Blant anna «Fugl på stein» som i 1999 blei omsett for 660 000 kr. I 2015 vart eit anna eksemplar av dette omsett for 1,3 millionar kroner.

– Kjøpet den gongen var ikkje i den opne marknaden, og det er såleis umogleg å seie kva som var marknadsverdien på det tidspunktet, på same måte som det er vanskeleg å seie kva verdi denne kunsten har om dei vart lagt ut for sal i dag, skriv sakshandsamar Ingebjørg Erikstad.

Nikolai Astrup har fått stor merksemd som kunstnar dei siste åra og seinast fredag var det førpremiere på ein ny kinofilm om naturkunstnaren frå Jølster.

Gir dei vekk til museum

Ingen har vore tilgjengelege for kommentar til denne saka laurdag kveld, heller ikkje den fremste kulturpolitikaren i Sogn og Fjordane, Karen Marie Hjelmeseter (Sp).

Fylkesrådmannen er tydeleg på at det er viktig at dei seks kunstverka blir verande att i Sogn og Fjordane når Vestland blir ein realitet.

Tilrådinga er at Kunstmuseet i fylket får overta tresnitta og at dei skal synast fram samla på Astruptunet i Jølster.

– Ut frå dagens tenking og strukturar vil det vere naturleg at denne typen kunst bør eigast og handterast av faginstansar som er etablert til føremålet, skriv sakshandsamar Erikstad.