Hopp til innhold

Musikkmeldar gir Solheim åtte av ti poeng

NRKs musikkmeldar Atle Bredal gir singelen til Iselin Solheim «Wizard of Us» åtte av ti poeng, og ser fram til at ungjenta gir ut album.

Iselin Solheim

GODE KRITIKKAR: Iselin Solheim frå Naustdal haustar gode kritikkar for sin nye singel.

Foto: Øystein Torheim

– På ein skala frå ein til ti, så er dette ein klar åttar, seier NRKs musikkmeldar Atle Bredal.

Naustdals-jenta Iselin Solheim sleppte førre veke singelen "Wizard of Us". Bredal kjende ikkje til artisten frå før, men likte godt det han fekk høyre.

– Eg vart veldig positivt overraska. Dette er ei låt som sat rett i øyret på meg med ein gong. Eg kjende ikkje artisten frå før heller, seier Bredal.

Meiner låta er god

22-åringen frå Naustdal signerte platekontrakt og gav ut debutsingelen «What's Happening» på det nystarta plateselskapet Bisi Music i august i fjor.

Songen vart raskt plukka opp på radio, og Radio Norge sine lyttarar kåra låta til vekas nye låt i fjor haust.

Bredal meiner den nye singelen til Solheim er god.

– Songen har klassiske popkvalitetar, og så er det stemma til Solheim som kjem så veldig gjennom. Du høyrer at dette er ein artist som vil noko med låta si, seier Bredal.

Høyrer at det er ein artist som vil noko

Han peikar på at stemma til Solheim er svært god, og er med på å gjere låta til det ho er.

– Det er stemma som står ut av heilskapen, i lag med ein fin melodi. Vi har lista songen på P1, og skal spele han i lag med all den andre gode musikken vi har på kanalen. Det blir spennande å sjå korleis denne låta står seg saman med til dømes The Beatles, Lene Marlin og andre storleikar, seier Bredal.

Han har tru på at Solheim har ei karriere framfor seg innan musikk.

– Det er alltid kjekt når det kjem nye artistar som ingen har høyrt om. Det er spesielt kjekt når dei er norske. Eg trur at dersom ho held fram, så er ho ein artist som kan etablere seg hjå publikum, seier Bredal.

Ser fram til eit album

– Teksten er ikkje det viktigaste med denne typen poplåtar. Teksten er heilt grei, men det er ikkje den eg bit meg merke til i utgangspunktet, seier Bredal.

Han gler seg dersom det kjem eit album frå Solheim.

– I desse dagar så er det ikkje alle som gir ut album, nokon slepper berre låtar. Det er jo slik vi brukar musikken også, men eg er gamaldags. Eg likar godt album, og ser fram til og håpar at det kjem, seier Bredal.