Hopp til innhold

Gir seg etter 15 år som banksjef

Arvid Andenæs sluttar som administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Andenæs har vore i stillinga dei sister 15 åra, og meiner det er på tide å sleppe nye krefter til.

Arvid Andenæs

SLUTTAR: Administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.

Foto: Pressebilete

– Når eg gir meg 1. april neste år så har eg vore i ei toppleiarstilling her i fylket i 15 år, og eg trur det er eit rett tidspunkt, seier Andenæs.

I tillegg til å vere administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane har Andenæs vore ein aktiv samfunnsdebattant og kommentator på tema som regionutvikling, landbruk og miljøansvar.

Bank i endring

I løpet av dei åra Andenæs har vore sjef i Sparebanken Sogn og Fjordane har banken gått gjennom store endringar. Den endringstakta meiner Andenæs må halde fram.

– Eg trur ikkje det er så mykje som skal endrast i banken, men vi må heile tida tilpasse banken til nye tider. Ikkje minst til ny teknologi.

– Er du lei?

– Nei, eg er ikkje lei, eg har hatt ei fantastisk tid i banken og har fått vere med på ei fantastisk utvikling, både i banken og i næringa. Eg skulle gjerne ha halde på lenger, men du sit ikkje i ei slik stilling fordi det er behageleg, du gjer det for at du skal vere med å utvikle og tilføre noko heile tida. Det er det som er krevjande prosessar, og som av og til krev nye idear og nye folk.

Krevjande å finne ny sjef

I pressmeldinga som vart sendt ut i samband med at Andenæs annonserte at han gir seg neste år, seier styreleiar Hallgeir Kleppe at det blir ein krevjande jobb å finne ny administrerande banksjef.

–Den aller viktigaste jobben eit styre gjer, er å finne den rette leiaren. Difor blir dette ein krevjande og spennande prosess. Andenæs er ein synleg og kunnskapsrik leiar med eit brennande engasjement for banken og fylket.

Kva no?

– Kanskje eg kan bli ekspertkommentator hjå dykk i NRK Sogn og Fjordane på alt som gjeld samfunnsliv og økonomi, ler Andenæs når har får spørsmål om kva han no skal gjere.

– Frå spøk til alvor, eg skal ikkje inn i ei tung leiar stilling, men eg håpar mi leiarerfaring og mange verv kan gjere meg brukande styreformann og styremedlem kring om både i næringsliv og på andre området.

– Er det fare for at du blir gåande som ein sjuande far i huset i banken?

–Over hovudet ikkje. Eg skal ha forstandarskapsmøte 31. mars neste år. Då går eg ut døra og dei skal sleppe å ha meg gåande i gangane der borte., Men eg kjem til å følge med dei med stor interesse.