Hopp til innhold

Gir lemen skulda for at Blåisen er blant verdas mest radioaktive brear

Restar frå atomulukka i Tsjernobyl i 1986 set framleis spor på Hardangervidda. Bitte små lemenspor, faktisk.

Lemenbilde

GNAGAR PÅ GEIGERTELLAREN: Lemen har sidan 1986 ete gras og blåbær og tatt opp radioaktivitet.

Foto: Steve Halsetrønning / NN /Samfoto

Hardangerjøkulen er det høgste punktet på Hardangervidda, og eit populært turområde.

Like nedanfor ligg Blåisen. Dei siste åra har han, som dei fleste andre brear i Noreg, minska i storleik.

Men i tillegg har breen skifta farge, og blitt mykje mørkare.

Det var forskning.no som først omtalte saka.

Svart støv legg seg oppå breen og samlar seg i groper i isen. Støvet inneheld spor frå Tsjernobyl-ulukka og gamle prøvesprengingar frå sovjettida.

Forskarar ved Universitetet i Krakow har undersøkt Blåisen, og lanserer teorien om at det er lemen som har «skulda» for det høge radioaktive nivået på Hardangerjøkulen.

– Lemen et gras og blåbær og tar opp radioaktivitet, seier Edyta Łokas, som er kjernefysikar tilsett ved Universitetet i Krakow.

Blåisen

ISBRE: Sprekkene på Blåisen har mange sprekker med mykje krykonitt.

Foto: Krzysztof Zawierucha

Kan spreie seg til fisk

Atle Nesje er professor i geologi ved Universitet i Bergen, og er breforskar.

Han har hatt feltkurs på Hardangervidda sidan 1982, og er mildt sagt godt kjent med området.

– Målingane som desse forskarane gjorde på restar av lemen på Blåisen visar at dei verdiane er uvanleg høge samanlikna med målingar gjort på andre brear både i Noreg og i utlandet, seier Nesje til NRK.

– Er det farleg?

– Det er litt usikkert endå, men det ein fryktar er at når breen smeltar så renn smeltevatnet nedover og då kan radioaktiviteten gå over til fisk, seier Nesje.

Atle Nesje, professor i geologi

BEVANDRA BREVANDRAR: Atle Nesje er professor i geologi og breforskar.

Foto: NRK

Langs isbreen ligg eit mørkt støvlag, som er kalla krykonitt. Nesje tok med seg ein del til laben for å finne ut kor mykje organisk materiale som finst i dette støvet, som ligg i gropene i breen.

– Eg prøvde å tørka det inn og brenna av det svarte stoffet, og då eg varma opp omnen vart det ein veldig sterk lukt, som viste at dette var noko anna enn vanleg organisk materiale.

Denne stanken styrka teorien om at dette var restar av lemen.

Radioaktivt støv

Etter fleire labprøvar, fant forskarar frå Universitetet i Krakow at støvet inneheldt høge nivå av radioaktive isotopar av cesium og plutonium.

Desse radioaktive stoffa som er målt på Hardangerjøkulen, stammar frå atomulukka i Tsjernobyl i 1986.

Radioaktive isotopar av cesium og plutonium er menneskeskapte. Det fins jo naturleg radioaktive stoff i naturen, som til dømes radon, uran og thorium, men desse stammar frå kjernekraft, seier Runhild Gjelsvik, som er forskar for Direktoratet for Strålevern og Atomtryggleik (DSA).

Runhild Gjeldvik

DSA: Runhild Gjelsvik er forskar i Direktoratet for Strålevern og Atomtryggleik.

Noreg var eit av dei landa som vart hardast råka då atomreaktoren i notidas Ukraina gjekk i lufta, i følge DSA.

Det radioaktive stoffet Cesium-137 blir brote ned sakte , og kjem til å vera tilstades på Hardangervidda i lang tid framover.

– Cesium-137 har ei halveringstid på 30,1. år. No er det snart 36 år sidan Tsjernobyl-ulukka, så no er litt under halvparten av dette stoffet framleis i norsk natur, seier Gjelsvik.

Forskaren understreker at radioaktiv forureining i gropar på Hardangerjøkulen ikkje utgjer ein fare for folk.

Les også 20 isbreer i Norge er nå borte

Austerdalsbreen