Hopp til innhold

Gir bort 300 dekar med helleristningar til forsking

Området med fleire hundre helleristingar arva dei etter fjellpioneren Kristian Bing. No gir dei eigedommen i Vingen i gåve til Universitetet i Bergen.

Vingen-feltet i Bremanger kommune.

HELLERISTINGAR: Over 2200 helleristningar er funne i det relativt urørte Vingen-feltet i Bremanger.

Foto: UIB/VirtuelleVingen.no

– I desse tider der ein skal rasera litt her og rasera litt der, tenkte me det var tryggast og enklast å la universitetet forvalta den delen av helleristingsfeltet i Vingen me har arva, seier Signe Hanson.

Ho og mannen Helge Henriksen bestemte seg for å gi sitt bidrag til å bevara bergkunsten etter at NRK i sommar omtalte universitetets motstand mot gruveplanar nær Vingen-feltet.

Kva får de i betaling for å gi bort eigedomen dykkar?

– Me får eit hyggeleg besøk her, det er det. Det held i massevis, seier Henriksen, på veg inn i Tårnsalen på Universitetet i Bergen (UiB). Eigedommen vart overdregen under ein høgtideleg seremoni måndag.

Området dei gir gratis er på over 300 dekar og har ei rekke helleristningsfelt. Hanson og mannen meiner UiB er den institusjon som best kan ta vare på denne eigedommen for framtida. Grunngjevinga deira er det store engasjement Universitetsmuseet har vist i området gjennom mange år.

Signe Hanson og Helge Henriksen

GIR BORT EIGEDOMEN: Helge Henriksen og Signe Hanson har gitt bort 300 dekar i Vingen-feltet i Bremanger.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Imponert over innstillinga deira

– Eg syns det er veldig storstilt. Eg er imponert over innstillinga deira, seier arkeolog Trond Lødøen.

– Kva legg du i det?

– Dei set eit kulturminne mykje høgare enn seg sjølv. Me er her ganske kort tid på jorda. Dei ser at dei bli eldre, og vil gje det frå seg. Dei ser at nokon andre må sikra forvaltinga av det i framtida, seier Lødøen, som har studert bergkunsten i Vingen i fleire tiår.

Trond Lødøen, arkeolog UiB.

ARKEOLOG: Trond Lødøen har forska på helleristningane i Vingen i mange år.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den vesle fjordarmen Vingen i Bremanger i Nordfjord er ein unik kulturarv i Noreg. Over 2200 helleristingar er oppdaga på steinar og berg i sjøkanten på den avsides og avskjerma staden.

Stadig blir det oppdaga nye figurar etter dei som produserte bileta for meir enn 6000 år sidan.

I motsetnad til store bergkunst-område andre stader, til dømes i Alta, er Vingen-området så godt som urørt av menneskeleg aktivitet.

Blir liggjande i jorda

– Det er heilt umogeleg å seia kva som finst på eigedommen. Me oppdagar stadig nye helleristingar og finn også veldig mykje etterlatenskapar under grunnen, som produksjonsverktøy som blei brukte til å laga helleristingane, seier Lødøen.

Han fortel at dei ynskjer å la mykje av gjenstandane ligga i jorda.

– Framtida vil gje oss nye metodar og tilnærmingar. Ligg det på sin opphavsstad, kan ein forska på det i framtida, seier Lødøen.

EIGEDOM: Eigedommen til UiB i Vingen-feltet vert fleire gongar større no som dei har fått Hanson og Henriksen sin.

«Nogen dyr aftegnet i et berg»

Historia om dei arkeologiske funna i Vingen starta med den bergenske klatrepioneren Kristian Bing på byrjinga av 1900-talet. Han var gift med systera til farmora til Hanson.

Bing fekk nyss om «nogen dyr aftegnet i et berg» medan han var i området i 1912 for å kjøpa fallrettar til vasskraft. Lokale folk kjende til staden og viste han helleristningane. Same året blei Bing den første til å publisera ein artikkel om funna. Slik vart Vingen opna opp for arkeologien.

Han kjøpte han garden Vingen for 3000 kroner i 1913. Seinare selde han den for 50.000 kroner. Men i 1923 let han Bergen Museum få kjøpa området med mest helleristningar for 1000 kroner.

Mykje av bergkunsten i Vingen ligg på den smale landstripa som UiB fekk av Bing. Men det finst altså også mange helleristningar utanfor området UiB har eigd sidan 1920-talet.

– At UiB no får utvida eigedommen er ei hending av nasjonal betydning. Det gir oss betre mogelegheit til å forska på helleristningane. No kan me avdekka fleire, seier rektor Dag Rune Olsen.

Kristian Bing

PIONER: Kristian Bing selde området med flest helleristningar til UiB på 1920-talet. No gir arvingane hans meir av området gratis til universitetet.