Hopp til innhold

Gir grønt lys for ekspressbuss mellom Oslo og Bergen

I ti år har det ikkje gått nokon samanhengande ekspressbuss mellom dei to største byane i Noreg. No gjev Hordaland fylkeskommune etter for press frå regjeringspartia.

Haukeliekspressen

EKSPRESS: Haukeliekspressen går i dag mellom Oslo og Haugesund. Passasjerar frå Bergen blir køyrt med lokal buss til Seljestad i Odda.

Foto: ØYVIND BERG / WIKIMEDIA COMMONS

Etter ti år utan, vert det igjen opna for ein samanhengande ekspressbuss mellom Bergen og Oslo. Det skjer etter ein real snuoperasjon.

Så seint som i januar søkte Tide Buss og Telemark bussruter om å starta opp att den samanhengande ekspressbussruta mellom Oslo og Bergen. Selskapet driv i dag Haukeliekspressen mellom Oslo og Haugesund.

Men dei fekk blankt nei frå Hordaland fylkeskommune.

– Eit parallelt tilbod vil undergrava dei tilboda som allereie finst i dag, sa leiar i samferdsleutvalet Jon Askeland (Sp) den gongen.

I strid med regjeringa

Men avslaget er ikkje i tråd med regjeringsplattforma til Høgre, Frp og Venstre.

Partia går inn for liberalisering av ekspressbussmarknaden.

I etterkant av søknaden i januar har busselskapa og Hordaland fylkeskommune snakka saman. Resultatet er at fylkesadministrasjonen no gjev grønt lys for ekspressbussen.

– Det staten seier no er at dei kommersielle skal få lov å driva der dei meiner det er marknad for det. Om dei finn marknad for å driva, skal dei få lov til det, seier samferdsledirektør Håkon Rasmussen.

Buss på busstasjonen i Bergen

LOKAL: Denne bussen korresponderer med Haukeliekspressen, men ruta frå Bergen til Seljestad er drifta av det fylkeskommunale selskapet Skyss.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Heilomvending gir grønt lys

I 2008 måtte den kommersielle Haukeliekspressen slutta å gå mellom Bergen og Odda, på grunn av frykt for den lokale busstilbodet.

Bussreisande mellom Oslo og Bergen har i staden måtta ta lokalbuss mellom Bergen og Seljestad. Derfrå kan dei gå på Haukeliekspressen som går mellom Haugesund og Oslo.

Bakgrunnen var at fylkeskommunen ikkje har akseptert at ekspressbussen tar med og slepp av lokale passasjerar på ferda gjennom Hordaland. Dette skal ekspressbussane no få lov til.

Samferdsledirektøren trur ikkje lenger den kommersielle aktøren vil utkonkurrera bussrutene til fylkeskommunen.

– Dei vil operera i ein litt anna marknad, fordi dei har langdistansekundar. Me trur ikkje inntektstapet for oss blir vesentleg. Løyva dei får er knytt til eit kommersielt tilbod, som fullt ut er finansiert av passasjerane, seier Rasmussen.

Glad for løysing

Leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp), trur det er politisk fleirtal for å la Haukeliekspressen køyra heile vegen mellom Bergen og Oslo.

– Når innstillinga tilrår ekspressruta, trur eg politikarane sluttar seg til innstillinga denne gongen. Eg håpar verkeleg dette betyr at det vert ekspressbuss mellom Oslo og Bergen igjen, seier Askeland.

Jon Askeland

POSITIV: Leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp).

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Tide Buss gler seg over heilomvendinga.

Selskapet vil no vurdera om det er grunnlag for ei ny ekspressbussrute mellom Bergen og Oslo.

– Det gir oss moglegheita til å tilby kundane våre eit godt tilbod mellom aust og vest. Eg kan ikkje lova at bussruta vil koma, men me kan vurdera tilbodet på nytt, seier Christine Flataker Johannessen, kommersiell direktør i Tide.