Hopp til innhold

Sjefen hans meiner framandfrykt er årsaka til at flyktningar ikkje får arbeid

Framandfrykt er deler av årsaka til at flyktningar med fast opphald, som Bashir Mohammed, ikkje kjem seg ut i arbeid. Det meiner leiaren for norsksenteret i Førde.

Bashir Mohammed

HAR JOBB - VIL JOBBE MEIR: Bashir Mohammed er i dag lærar ved Førde Norsksenter, men alle forsøk på å finne seg meir jobb, har stranda.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– I fjor søkte eg sommarjobb mange ulike stader, men eg fekk ikkje jobb, fortel Bashir Mohammed frå Sudan.

Han er i dag tilsett som morsmålslærar ved norsksenteret i Førde, men vil gjerne jobbe meir. Mohammed er snart ferdig med si opplæring, men får likevel ikkje arbeid. Etter fleire søknader ut til bedrifter, veit han enno ikkje kvifor han alltid får avslag.

– Eg skjønar ikkje grunnen til det, seier han til NRK.

Trur utsjånad og «rare» namn skremmer

Aud Sletteland Soleim

HAR STOR TRU: Flyktningar kan vere ein stor ressurs, meiner Aud Sletteland Soleim ved Førde Norsksenter. Ho trur framandfrykt skremmer arbeidsgjevarar.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

NRK fortalde tidlegare denne veka at berre 18 prosent av dei som deltok i introduksjonsprogrammet i Sogn og Fjordane klarte å komme ut i arbeidslivet etter enda utdanning. Det er lågast i heile landet, der snittet ligg på 44 prosent viser tal frå Integrerings og mangfaldsdirektoratet, IDMI. KS, NAV og IMDI, anar ikkje kvifor det er slik.

– Eg trur rett og slett at det må vere framandfrykt. Dei har litt anna utsjånad, dei er kanskje litt mørke i huda. Dei har kanskje litt rare namn som kan vere vanskelege å uttale. Og dei har ein kultur som kanskje kan virke veldig framand, seier Aud Sletteland Soleim ved Førde Norsksenter.

– Må gå i seg sjølve

Ho meiner fleire bør gå i seg sjølv for å finne svaret på kvifor ikkje fleire framandkulturelle får jobb. Soleim meiner det ikkje skal vere grunn til føle framandfrykt.

– Ein heng seg nok av og til opp i negative hendingar andre stader i landet, og i andre land. Så får ein litt redsle i seg, seier Solheim som stiller spørsmål om kvifor fylket ropar etter arbeidskraft og tilflytting, når så mange flyktningar ikkje kjem ut i arbeid.

NHO: – Må vise fram dei gode kandidatane

Jan Atle Stang.

– FLEIRE MÅ TA ANSVAR: Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO meiner bedriftene åleine ikkje kan ta risikoen med å tilsetje flyktningar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

484 personar av 1246 heilt ledige i fylket kjem frå andre land som Polen, Eritrea, Slovakia og Litauen. Arbeidsgjevarane kan ikkje ta ansvaret aleine, meiner NHO.

– Det at bedriftene skal ta heile risikoen med å tilsetje folk som dei ikkje veit om kan eller ønskjer å jobbe der, trur eg ikkje vi klarer å få til. Det er først og fremst NAV og opplæringsinstitusjonane som må vise fram at dei har kandidatar som bedriftene kan dra nytte av, seier regiondirektør Jan Atle Stang.