Gir 608 millionar kroner til å modernisere DNS i Bergen

Den Nationale Scene får over ein halv milliard i revidert nasjonalbudsjett til å fikse det freda bygget. – Ei fantastisk gåve, seier ein rørt teatersjef.

Den Nationale Scene DNS i Bergen

FÅR PENGAR: Den Nationale Scene i Bergen skal bli ny.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

I fleire år har DNS kjempa for å sikre vidare trygg drift av det statlege teateret i Bergen.

På ein pressekonferanse frå statsministerbustaden vart den store tildelinga lagt fram av statsminister Erna Solberg (H) og kulturminister Abid Raja (V).

– DNS er i ein forfatning som gjer at den skulle vore rehabilitert for lenge sidan, seier statsminister Erna Solberg (H).

– I dag er eg både rørt og glad. Dette er ei fantastisk gåve frå regjeringa til heile Vestlandet og til befolkninga i Bergen. Dette kjem som ein katapult ut av ein vanskeleg pandemi, seier teatersjef Stefan Larsson.

Teatersjef Stefan Larsson ved DNS

RØRT: Teatersjef Stefan Larsson ved DNS.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

40 millionar kroner først

Tildelinga er på totalt 608,4 millionar kroner. Forslaget til regjeringa er investeringstilskot frå ordninga om Nasjonale kulturbygg:

  • 40 millionar kroner blir løyvde i 2021
  • 568,4 millionar kroner i tilsegnsfullmakt til seinare år.

Det freda bygget frå 1919 på Engen i Bergen har vore i dårleg forfatning lenge og det har blitt jobba med ulike løysingar for framtida til teateret.

Anten i form av nybygg eller å overta nabolokala i Veiten. Med tildelinga frå regjeringa er det klart at det blir modernisering av teaterbygget.

– Det har vore mange prosjekt som har vore dyre og vidløftige. No har vi eit prosjekt som både er mogleg å gjennomføre, har lågare kostnader og vil gi eitt veldig bra teater. Derfor har vi sagt ja til å gi pengar, seier statsministeren.

Abid Raja og Erna Solberg

GAV PENGAR: Abid Raja og Erna Solberg på pressetreffet fredag.

Foto: NRK

Takkar kulturministeren

Teatersjef Larsson rettar ei spesiell takk for tildelinga til kulturminister Abid Raja.

– Han har genuint ønska å få til noko for teateret og kulturbyen i Bergen. Dette er ein historisk merkedag for DNS. Eg vil også rette stor takk til min forgjengar Agnete G. Haaland, som i ei årrekkje har kjempa for at DNS skulle få pengar til å utvikle teateret.

– Eg eksploderer av glede over at vi i regjeringa leverer på det løpet teatersjefen og eg la etter vårt første treff i Bergen. Det er både nyttårsrakettar, jul og 17. mai på ein gang for ein kulturminister når regjeringa løyver 608,4 millionar til DNS, seier Abid Raja (V).