Gir 30 mill. til korona-forsking

Trond Mohn-stiftinga gir 30 millionar kroner til forsking på korona-situasjonen. Norges forskingsråd har fått inn nesten 80 søknadar på ei hasteutlysing av midlar til korona-forsking. No doblar stiftinga i Bergen forskingspotten. – Viss ein skal få god forsking ut av dette, er det viktig å få fatt i grunnlagsdataa medan det går føre seg, seier styreleiar i stiftinga, Stener Kvinnsland.

Stener Kvinnsland 01