Gifta seg, skilte seg og gifta seg

Ekteparet Jens og Liv-Asta gjekk frå kvarandre i 1987. 23 år seinare ringde telefonen til Jens. Det var Liv-Asta som spurde: – Kan eg få komme heim?

Liv-Asta Bjørkelund og Jens Tufteland

NYGIFTE: Dei to møttest for fyrste gong på ferjekaien. No er Liv-Asta Bjørkelund og Jens Tufteland gifte for andre gong.

Foto: Privat/Marte Rommetveit

– Eg trong ikkje kjøpe ny plenklippar, fortel Jens.

Det var ikkje grønare gras på andre sida, ingenting å slå på.

Etter tjue år frå kvarandre har han funne tilbake til sin første kjærleik.

Liv-Asta Bjørkelund og Jens Tufteland gifta seg på nytt hos sorenskrivaren på Stord 27. februar i år, 48 år etter at dei sa ja til kvarandre for fyrste gong. I dag pryda ekteparet framsida på avisa Sunnhordland.

– No er eg kome heim att. Det er veldig fint, seier Liv-Asta.

– Det var smelt i auga med ein gong

I 1967 møttest Jens Tufteland frå Sandvik i Fitjar og Liv-Asta Bjørkelund frå Halhjem for fyrste gong.

Liv-Asta Bjørkelund og Jens Tufteland

1967: Her er Liv-Asta Bjørkelund og Jens Tufteland på bryllupsdagen, 18.mai 1967.

Foto: Privat

Han jobba på bilferja Gamle Bjørnefjord og såg Liv-Asta stå på kaien.

– Det var smelt i auga på meg med ein gong, ferdig med den. Neste kveld stod ho der igjen, då tenkte eg «søren, det er jo kanskje ein moglegheit her». Og det gjekk bra.

18. mai i 1967 gifta Jens og Liv-Asta seg i Os. Dei bygde hus på Sandvik i Fitjar, og fekk tre born. Men 20 år seinare gjekk dei to kvar til sitt.

– Me var lei av kvarandre, men det gav seg jo aldri skikkeleg. Me var glad i kvarandre likevel, fortel Jens.

Gifta seg for andre gong etter tjue år

Åra gjekk, og Jens hadde gitt opp håpet om å få Liv-Asta tilbake. Men i 2010 ringde brått telefonen hans. Liv-Asta ringde og spurde når ho kunne få komme heim.

Dei to har lært mykje på åra dei var frå kvarandre.

– Respektere kvarandre, seier Liv-Asta.

– Eg har lært at eg skal oppføre meg litt rolegare og snillare, og dulla litt med Asta, seier Jens.

  • Høyr radioreportasjen med dei to nygifte: