Hopp til innhold

Gifta seg på fjelltopp i minusgrader, vind og snø

Det var ingen som var overraska då Berit og Per Tore gav kvarandre sitt ja 1560 meter over havet.

Berit Berger-Nilsen og Per Tore Meier, Spørteggbu

KJØLIG: Det vart ein rask vigsel for Berit Berger-Nilsen og Per Tore Meier, då dei gifta seg på ein fjelltopp i Jostedalen i Luster på laurdag.

Foto: Privat

– Det vart ei kald og kort, men fantastisk oppleving, seier brura sjølv, Berit Berger-Nilsen til NRK.

Då ho skulle seie ja til mannen i sitt liv var valet enkelt. Det måtte bli på Spørteggbu i Jostedalen – på 1560 meters høgde.

Berit Berger-Nilsen og Per Tore Meier, Spørteggbu

FJELLGEITER: Både brureparet og varaordføraren som via dei, er ordentlege fjellgeiter.

Foto: Privat

– Vi forlova oss på toppen i 2015, så då tenkte vi at det var ein fin anledning til å gå opp igjen, fortel Berger-Nilsen.

Ikkje overraskande

I snø, tåke, vind og tre minusgrader tok ho og brudgomen, Per Tore Meier, fjellskoa fatt. Saman med frisør, forlovarar og toastmaster fekk dei ein halvtimes forsprang på resten av gjestane til å skifte til kjole og dress i sikringsbua på toppen.

SJÅ VIDEO: I sikringsbua fekk brura på seg kjolen. Etterpå var det på igjen med turklede for nedturen. (FOTO/REDIGERING: PRIVAT/ODDLEIF LØSET/NRK)

– Eigentleg skulle eg til frisør i Luster, men så fekk ho også lyst til å vere med opp. Vi var vel om lag 30 i følgjet, og ikkje alle var like turvante, fortel brura.

Sjølv er brureparet to svært turinteresserte typar. Sommar som vinter er dei ute i fjellet.

– Folk synstest det var moro, men dei som kjenner oss er ikkje så veldig overraska, seier Berger-Nilsen.

Fleire fjellgeiter

Med på slep var også varaordførar i Luster kommune, Marit Aakre Tennø. Det var nemleg ho som skulle vie dei to.

– Det falt ganske naturleg, då vi skulle gifte oss borgarleg. Dessutan er ho fjellgeit ho og – det sjekka vi på Facebook først, ler Berger-Nilsen.

Og etter ein rask skål på toppen og eit klesskift til, gjekk turen ned att til Jostedalen hotell der feiringa heldt fram.

Berit Berger-Nilsen og Per Tore Meier, Spørteggbu

SA JA: Berit Berger-Nilsen og Per Tore Meier fekk eit bryllaup dei ikkje vil gløyme.

Foto: Privat