Hopp til innhold

Dette synet kan bli meir vanleg i framtida

Store steinar i vegbanen har vore eit vanleg syn dei siste vekene. Geologar seier klimaendringane kan føre til fleire steinskred.

Ras Suldal Riksvei 13 13. juli 2023.

STEINSKRED: Fleire store steinar har blokkert vegar på Vestlandet den siste tida. Her frå Rv. 13 ved Lonavatnet. Vegen blir tidlegast opna fredag.

Foto: Kati Must Nybø

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Berre den siste veka har store steinar dundra ned på fleire vegar på Vestlandet.

Onsdag kveld hamna fleire store steinar ned på Rv. 13 i Ullensvang.

– Det høyrdest ut som jagarfly, sa naboar til NRK, som reagerte på at det gjekk ras midt på sommaren.

Måndag denne veka hamna ein stein i vegbana på E16 i Vaksdal kommune utanfor Bergen.

Seinare same dag blei fylkesveg 5600 stengt etter mindre ras på Fjordavegen langs Arnafjorden i Vik i Sogn.

Stein i Risnesvegen

STOR STEIN: Denne steinen raste ned på Risnesvegen på E16 på onsdag.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Onsdag morgon gjekk det eit steinras mellom Arna og Trengereid som påverka toga på strekninga.

Seinare same dag raste nok ein stor stein ned på E16, Risnesvegen i Bergen kommune. Og førre veke rasa det frå det ustabile fjellpartiet Stampa i Aurland.

Også i Nordland har vegar vore stengde. For to veker sidan sperra ein diger stein E6 i Sørfold.

Rasar det meir no enn før?

«Sommarregn» kan gi fleire skred

NVE har ingen statistikk som viser at det går fleire skred no enn før, men seier det blir registrert fleire hendingar no enn tidlegare.

– Då kan det kjennest ut som det rasar meir, fordi vi i dag er betre på å registrere desse hendingane, seier Aart Verhage i NVE.

Klimarapportar viser at det er venta meir ekstremnedbør, også kalla styrtregn, på vestlandet i framtida som følge av klimaendringar.

Aart Verhage, regionsjef NVE region vest

STYRTREGN: Aart Verhage, regionsjef region Vest i NVE.

Foto: ODDMUND REISÆTER HAUGEN / NRK

– Styrtregn er ein utløysande faktor for steinsprang og steinskred, så ein kan tenke seg ei lita auke i slike hendingar som følge av meir ekstremnedbør, seier Verhage i NVE.

Men vitskapen er usikker, fortel han, og det er vanskeleg å seie noko konkret om steinblokker som rasar over vegar eller ned i busetnad vil bli enda vanlegare i framtida, på grunn av klimaendringane.

– No er det jo ikkje slik at ein vil få ekstremnedbør kvar dag, og den nedbøren er ofte veldig lokal.

Styrtregn i Kristiansand fører til oversvømmelse og køkaos i tunnel.

STYRTREGN: Her frå Kristiansand i fjor sommar.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Men Verhage er klar på at så lenge det blir varmare, kan vi vente oss meir styrtregn på sommaren.

– Og då må vi rekne med at det vil gå steinsprang, steinskred og flaumskred i samband med det.

Les også Nytt ras på riksvei 13: – Trodde det var et jagerfly

Ras på Riksveg 13

Treng ikkje vere bekymra

Sjølv om styrtregnet kan gjere det meir vanleg med steinsprang og skred i framtida, treng vi ikkje vere bekymra, ifølge Verhage.

– Alle vestlendingar er jo kjent med skred. Men ein bør følgje med på kva meteorologane varslar. Dersom det er varsel for styrtregn, treng man ikkje utsette seg for å køyre der det er svært bratte fjellsider.

I løpet av få dagar kom rasa det ned nær 30.000 kubikkmeter stein frå det ustabile fjellområdet Stampa i Aurland.

I løpet av få dagar rasa det ned nær 30.000 kubikkmeter stein frå det ustabile fjellområdet Stampa i Aurland.