Hopp til innhold

Geolog vurderer ras i Luster

Laurdag morgon kjem ein geolog for å gjere ei vurdering etter steinraset som gjekk over fylkesveg 5637 i Luster i går, opplyser Vegtrafikksentralen.
Raset har gått mellom Skjolden og Galdanetunnelen, og vegen er stengt frå Skjolden brygge og seks kilometer sørover. Ifølge politiet er ikkje bilar tekne av raset.

Ras i Luster, fv 5637, 22.5.2020
Foto: Tage S. Moen