Hopp til innhold

Geolog køyrde aldri ulukkesvegen – vurderte rasfaren på avstand

Ingen geolog køyrde ulukkesvegen langs Jølstravatnet før vegen vart opna raskvelden. Like etter kom raset der ein person er sakna.

Ras Jølster fv. 451

RASET: Dette raset tok med ein bil som kom køyrande langs vegen. Torsdag ettermiddag, over ei veke etter raset gjekk, vart det gjort funn av det politiet trur er ein bil på 170 meters djupne.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Då politiet tok avgjerda om å gjenopne fylkesvegen på sørsida av Jølstravatnet under flaumkrisa førre tysdag var det etter råd frå Vegvesenet og NVE.

Men Vegvesenet og NVE vurderte aldri vegstrekninga på nært hald med geolog. Den NVE-tilsette som køyrde vegen før opninga hadde annan kompetanse, men er ikkje geolog, og geologen frå Vegvesenet hadde tilhald på E39 på motsett side.

Regionsjef i Brigt Samdal seier den NVE-tilsette ikkje var nokon skredekspert.

– Dette er ein person med lang erfaring i arbeid med flaum og skred, men han er ikkje geolog. Han sa ifrå til politiet om at han ikkje var skredekspert, men dersom politiet ynskte at han skulle gjere ei synfaring langs sørsida av Jølstravatnet, så skulle han gjere det, seier Samdal.

Brigt Samdal, NVE

REGIONSJEF: Brigt Samdal i NVE

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Kva var føremålet med synfaringa?

– Slik han fekk det opplyst, så var det å sjekke korleis det såg ut på sørsida, og han antok jo at det var fordi politiet hadde bruk for å få ut bilar frå området.

Korleis føregår ei slik synfaring?

– Det er avgrensa informasjon ein får, ein køyrer langs vegen og ser om det er vatn i elvar og vassdrag. Han hadde ein bil eit stykke bak seg som sikring, seier Samdal.

NVE gjorde altså eit arbeid som det vanlegvis er geologar i Vegvesenet som gjer. Samdal seier ein må sjå det i lys av den krevjande situasjonen alle partar stod oppe i.

– Ein prøvar å løyse det på best mogleg måte med dei ressursane ein har rundt seg.

Meinte alt såg ok ut

NVE vil ikkje gi frå seg heile loggen over flaumhendinga, men i eit utdrag som dei har gitt til NRK står det:

«NN har køyrt sørsida frå Vassenden til Skei og mobilnett på Skei er i orden. Han melder om at Gjesdalselva like ved Vassenden er svært stor. Elles ser alt ok ut.»

Samdal seier dei formidla vidare dette til politiet, som også var i kontakt med geolog frå Vegvesenet.

Politiet gjenopna fylkesvegen midlertidig. Regnet hadde roa seg, og vurderingane frå NVE og Vegvesenet var at det såg ok ut.

Klokka 20:49 gjekk raset som tok med seg ein personbil, og der ein mann i 50-åra framleis er sakna. Neste bil kom 200 meter bak, også fleire bussar og bilar var på veg mot rasområdet.

Leiteaksjon etter bil på sørsida av Jølstravatnet.

RASET: Dagen etter raset vart det leita med redningshelikopter. Raset har gått ein stad det ikkje brukar å gå ras.

Foto: Bård Siem / NRK

Vegvesenet: Kan ikkje sjå at vi kunne gjort noko annleis

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier deira vakthavande geolog var i Fjærland då flaumen starta i Jølster.

Geologen tok kontakt med politiet og køyrde på E39 mot Vassenden. Ved Svidalsneset var vegen stengt. Mannskap jobba med å opne opp elva der.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

AVDELINGSDIREKTØR: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

Foto: Rune Fossum / NRK

Geologen returnerte i retning Skei rett etterpå, seier Finden. Geologen snakka både med NVE og politiet om dei skulle midlertidig opne vegen på sørsida som på eit tidleg tidspunkt var stengt. Finden seier det var ein uoversiktleg situasjon.

– Vi kan ikkje sjå at dei kunne gjort noko annleis. Ut frå dei rådande forholda vart det nok gjort korrekte vurderingar, så er det diverre slik at det har fått eit utfall med at ein person er omkomen. Skredet som kom var vanskeleg å føreseie.

Kvifor køyrde ein ikkje vegen sjølve?

– NVE hadde køyrt strekninga der, elvane var ikkje store, utan misfarging, dette endra seg sikkert seinare. Om det ville hatt betydning om ein køyrde vegen sjølve er svært vanskeleg å seie, seier Finden.

Vil vente med å kommentere saka

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord

VIL HA GJENNOMGANG: Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Lensmann i Sunnfjord Dag Fiske seier dei vil vente til neste veke med å gå i meir detalj om vurderingane deira kring opninga av vegen.