Generalforsamling i «pengebingen»
Dagens generalforsamling blir ein finale i kampen om dei over 400 mill kr i Skånevik Ølen kraftlag AS. Truleg blir det tidlegare samvirkeselskapet no reint kommersielt, men 20-30 % av verdiane plassert i ei allmennyttig stifting, skriv Grannar. Det blir neppe eit samla sal av aksjane, slik eigarane i Fjelberg Kraftlag gjorde i år.