Hopp til innhold

Geitemjølka har fått ny smak

GLOPPEN (NRK): Geitemjølka er blitt mildare i smaken og kan no brukast til det meste. Prosjektet «Friskare Geiter», har auka kvaliteten på mjølka.

Geitemjølka har fått ny smak

MILD I SMAKEN: Kjøkkensjef ved Gloppen Hotell, Bodil Fjellstad Eikrem serverer gjerne geitemjølk til gjestene sine. Leiar i Breim Sau og Geit, Vidar Sandal trur fordommane mot mjølka vil forsvinne.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– Eg tenkte at dette smakar sikkert fjøs, men den var mykje søtare enn det eg trudde. Så eg vart overraska over kor godt det var, seier kjøkkensjef ved Gloppen Hotell, Bodil Fjellstad Eikrem.

På Gloppen Hotell var lokale geitebønder og hotellbransjen samla for å lære meir om dei nye smaken til geitemjølka. "Matfest til Geita" var ei framvising av nye måtar å tiltrede geitemjølk og geitekjøt på.

Vellukka prosjekt

– Det tok åtte år frå fyrstemann byrja, til sistemann var i mål. Det har vore eit omfattande prosjekt, seier leiar i Breim Sau og Geit, Vidar Sandal.

I det landsomfattande prosjektet «Friske geiter», har heile den norske geitestammen blitt bytta ut. I Sogn og Fjordane vart det i alt slakta om lag 7200 geiter, som vart erstatta av friske kje.

Kjea vart etter fødsel tatt med plastikkhanskar utan å vere i kontakt med korkje geit eller fjøs, og ført til eit sterilt og nyoppussa driftsbygning. Sjukdommane som geitene hadde var ikkje farleg for menneske, men sette ein smak på mjølka.

Av om lag 60 geitebønder i Sogn og Fjordane var det 50 som ville vere med på prosjektet som no er ferdig. Dei som ikkje ville satse, måtte legge ned.

–Dette saman med litt anna fôring har bidrege til ein ny og rundare smak, seier Sandal.

Høyr reportasje

Geitemjølk-is

– Eg var i grunn litt skeptisk til geitemjølk i fyrstninga, men nå har eg smaka både rømme og smør av geitemjølk. Å fInne ut at den har blitt mykje betre og rundare i smaken, seier, Fjellstad Eikrem.

– Det er spanande tider, og mykje nytenking. TINE har sagt at no har dei fått ei mjølk med mildare smak, slik at dei kan lage eit breiare utval geitemjølkbasert produkt. Det kan bli både yoghurt og til og med is, seier Sandal.