Geitekje var kjøtet ingen ville ha – no ofrar Brita (28) kontorlivet for å satse

UNDREDAL (NRK): Fokus på matsvinn og kortreist mat har dei siste åra gjort kjekjøt til ei delikatesse.

Brita Undredal

ATTENDE PÅ TUNET: 12 år etter at ho flytta ut, er Brita Underdal attende på heimgarden for å satse på kjekjøt. – Kontrasten til kontorlivet gjorde det enda meir attraktivt å jobbe nær naturen og med dyr. Eg blei veldig lei av å sitte på kontor.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Det har lenge vore lite lønsamt å fôre opp kje for å selje kjøtet. No merkar både bondelag og geitebønder at fleire torer å satse.

– Den siste tida har stadig fleire privatpersonar spurt oss om å få kjøpe, fortel Brita Underdal.

Ho sa nyleg opp jobben som landskapsarkitekt i Askim, for å bli avløysar på familiegarden på fulltid. Ein tidleg vintermorgon er to generasjonar i sving, før årets første pulje med kje skal sendast til slakt.

Då ho i vinter annonserte sal av kjekjøt gjennom Facebook, lét ikkje bestillingane seg vente på.

– No skal me sende til slakt i to omgangar. 30 av bestillingane går direkte til privatpersonar, fleire av dei i Oslo. Resten vil kafeen i Undredal ha.

Vart slått i hel og kasta – no blir det ete

Men det har ikkje alltid vore slik.

Kjekjøt har vore rekna for å vere kjøtet ingen ville ha. Nyfødde bukkekje har ofte vorte slegne i hel fordi dei ikkje kunne nyttast til mjølkeproduksjon. No verkar fleire å oppdaga kjekjøtet, slik matekspertane lenge har oppmoda om.

Tal frå Nortura viser at tal slakta kje har auka med 234 prosent sidan 2013. Då vart 5.317 kje slakta ved Nortura sine anlegg, medan det i 2019 vart slakta 11.566 kje.

– Akkurat no opplever me at kjøtet me har tilgjengeleg raskt blir utseld. Det kan tyde på ei ytterlegare vekst framover, opplyser Nortura til NRK.

Brita Undredal

MORGONRUTINE: Når alarmen ringjer klokka seks er Underdal klar for dagens første fjøsøkt, med fôring og mjølking.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Les også: Kjem frå byen for å bli geitebonde

– Lokalmat blomstrar

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, seier den økonomiske gevinsten ved å fôra opp kje kan vere marginal. Han merkar seg likevel at stadig fleire gjer som Brita.

– Fleire bønder satsar no på sal eller vidareforedling.

Felde meiner nye forbrukartrendar, som fokus på miljø, kan vere viktige årsaker.

– Me ser at reko-ringar og fokus på lokalmat verkeleg har blomstra dei siste ti åra.

Brita Undredal

SKYSSEN VENTAR: Brita får hjelp av storebror, Tormod Underdal, som skal frakte dei eldste kjea ned til bilen frå slakteriet. Dei er begge flittige hjelparar på garden til foreldra.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Les også: – Tener meir på å selje sauekjøt direkte til kunden

Fleire vil smake

Blant dei som merkar auka interesse for kjekjøt er Paul Nygård ved Kandal kjøtt.

– Det går rette vegen, berre ikkje så fort.

Nygård har gjennom familiebedrifta lang erfaring med foredling av saue- og geitekjøt. På marknader og messer opplever han at stadig fleire får augo opp for gardsprodukta hans.

– Kjekjøt har blitt meir ettertrakta både på marknader og i butikk. Fleire er nyfikne på korleis det smakar og kan nyttast.

Geitekillingar til slakt kje

TIL SLAKTERIET: 31 killingar betraktar grålysinga i Underdal for siste gong.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Livskvalitet

Attende i fjøset kling den lyse brekinga framleis i veggane. Titals kje møter dagslyset med akrobatisk leik, i det dei svermar rundt den ferske avløysaren.

– Eg er veldig glad i dyra. For meg er det viktig at dei har eit godt liv her, uavhengig av kor langt det blir, avsluttar Underdal.

Brita Undredal

POPULÆR: Nærkontakt og kos står høgt i kurs hjå dei firbeinte.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK