Geitebukkar skal jobbe for Vegvesenet

Statens vegvesen går nye vegar for å rydde skog langs vegane. No har dei bestilt 13 geitebukkar.

geiter beiter

GJER SEG FEITE: Geitebonden Vidar Sandal nyt synet av geitebukkane som no står på lønningslista til entreprenøren Mesta.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Noreg gror igjen. Langs mange vegar er det knapt råd å sjå utsikta, og både turistar og fastbuande fortvilar. No trappar Statens vegvesen opp kampen mot attgroinga, og leiger inn eit litt uvanleg våpen.

– Her var det over hovudet på meg med busker og kratt. Vi kom ikkje ned til vatnet ein gang, fortel bonde Vidar Sandal.

Et opp krattet på fire veker

No kan alle vegfarande sjå vatnet ved E39 i Gloppen i Nordfjord. Oppskrifta var geitebukkane til Sandal. Dei glupske husdyra har ete opp det meste. No skal suksessoppskrifta prøvast ut av entreprenøren Mesta, på oppdrag for Statens vegvesen.

Entreprenøren har no fått løyve til å bestille 13 geitebukkar som skal få halde fram med å rydde skogen i dette området.

Ifølge bonden er geiter dei beste skogryddarane som finst. Han gir det fire veker før landskapet vil sjå heilt annleis ut.

Saka vart først omtalt av Firda Tidend.

Kan vente seg fleire oppdrag

Vegvesenet er godt nøgde med arbeidet til dei 13 geitebukkane.

– Dette er eit prøveprosjekt og det viser seg å fungere godt. Dei nye medarbeidarane våre ser ut til vere særs effektive med å halde vegetasjonen nede, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen.

geiter beiter

NØGD: 13 geitebukkar fekk jobben som skogryddarar på E39 ved Bergheimsvatnet i Gloppen kommune. No ventar det moglegvis fleire oppdrag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Maskinane til Vegvesenet rekkjer ikkje langt ut frå vegbanen, noko som enkelte stadar fører til dårleg sikt langs norske vegar.

Rekkjevidda til bukkane er derimot upåklagelege.

Arbeidet blir no evaluert, og Vegvesenet vedgår at geitene kan vente seg fleire oppdrag.

Etterlyser fleire beitedyr

For nokre år tilbake felte entreprenøren Mesta skogen i dette området.

Ikkje lenge etter spratt vekstane opp att, noko som hindra sikt for trafikantane på vegstrekninga.

Etter løyve frå grunneigar, kontakta Mesta geitebonden.

– Dette her er rein dugnad. Det er krevjande å setje opp gjerde. Vi må ha ei større satsing på dette, men det krev politisk vilje, seier han.

Vidar Sandal

LANDSKAPSPLEIAR: – Vi yt ei teneste som landskapspleiarar, seier geitebonde Vidar Sandal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Fryktar gjengroing

Landskapsgeografar har over tid ropa varsku for at kulturlandskapet i Noreg gror igjen.

Det fører i neste omgang til dårlegare trafikktryggleik.

To gongar kvart år utfører entreprenørane til Statens vegvesen kantslått langs riksvegane.

Beitemarkar som gror att trugar også mange av insekt- og planteartane som er heilt avhengige av kulturlandskapet.

Les også: Sjå korleis Noreg har endra seg på 100 år

Shamim Ahmed og Vanessa Ahmed

VAKKERT: Dei svenske turistane Vanessa og Shamim Ahmed set pris på skogryddarane. Dei innrømmer at Noreg er vakrare enn Sverige.

Foto: Oddmund Haugen / NRK