Hopp til innhold

Geir Arne må køyra tre kilometer for å få skikkeleg mobildekning

Geir Arne Eikemo er ein av få i Noreg som manglar mobildekning. No fortvilar han over at fastnettet er teke vekk.

Geir Arne Eikemo, Eikemo. Manglar dekning

INGEN KONTAKT: Dette telefonapparatet er kopla til ei antenna på taket. Men det er dårleg kontakt med mobilnettet, og det verkar veldig sjeldan, ifølgje Geir Arne Eikemo.

Foto: Olav Røli / NRK

– Skal eg få skikkeleg dekning må eg køyra tre kilometer til sjøen. Det er klart det er fortvilande, seier 59-åringen.

Han bur på den avsidesliggjande garden Eikemo i Etne kommune i Vestland.

For å komma dit må ein først kryssa Åkrafjorden mellom Vestland og Rogaland i båt.

Deretter ventar tre kilometer på veg før ein er framme på garden.

Der har Geir Arne Eikemo budd heile livet, og han er van med eit annleis liv.

Samstundes er også han og naboane avhengig av å kunne kontakta omverda.

– For 10–15 år sidan hadde me faktisk betre mobildekning enn i dag. Då vart mobilmasta langs fjorden flytta til fordel for betre dekning langs europavegen, seier han.

Det var avisa Grannar som først omtalte denne saka.

Geir Arne Eikemo, Eikemo.

Geir Arne Eikemo trivst godt på sjøen. Han brukar eit utal med timar i båt kvart år.

Foto: Olav Røli / NRK

Redda av fasttelefonen

Inntil nyleg hadde bygda fasttelefon som den sikraste måten å kommunisera med omverda.

Då Geir Arne skadde seg stygt i skogen for nokre år sidan, var det fasttelefonen som sikra han naudsynt hjelp.

Men no er dette fjerna.

Og med elendig mobildekning nyttar sjølv ikkje ei ekstra antenne på taket når ein skal få tak i signal.

– Her står det «inga nettverk» stort sett heile tida. Det hender av og til at det står 2G, men det er veldig sjeldan, seier bonden på Eikemo, medan han syner NRK den nye telefonen han har fått i kjøkkenet.

– Eg lyt vel læra meg røyksignal. Fyrstikker og ved har me jo nok av her, seier han sarkastisk.

Geir Arne Eikemo, bur på Eikemo i Etne.

Bonden på Eikemo fryktar at han ikkje får kontakt med omverda om noko skulle skje.

Foto: Olav Røli / NRK

Montert antenneutstyr på fjøsen

Han har kjøpt inn kostbart antenneutstyr og montert på naboen sin fjøs. Dette sikrar han noko kontakt med internett gjennom mobilnettet.

Men ute på tunet er det tomt med strekar når ein prøvar å ringa.

– Av og til, når vêret er dårleg, kan me få litt dekning lenger opp i vegen. Men når det er sol er det berre å gløyma, seier han.

Satelitt-telefon er også prøvd, men det streika då Ukraina-krigen starta.

Lite kontakt å få for Geir Arne Eikemo

Å få kontakt med mobiltelefon på Eikemo er ikkje lett.

Foto: Olav Røli / NRK

Få utan dekning

Stader som Eikemo, der det ikkje er ordentleg mobildekning, vert det stadig færre av i Noreg.

Idyll Eikemo, Etne kommune

Det er idyllisk på garden Eikemo, og mange turistar finn vegen hit kvart år. Men mobildekninga er veldig avgrensa.

Foto: Olav Røli / NRK

Tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) syner at talet på husstandar utan mobildekning i Noreg er lågt.

– Utifrå dei opplysningane me får så er talet under 1.000, ja kanskje så lågt som under hundre, seier Inger Vollstad, seksjonsleiar for konkurranseavdelinga i NKOM.

Desse tala har vore stabile sidan 2018/2019.

Vollstad understrekar at Telenor har plikt om levera eit alternativ når det gamle fastnettet vert skrudd av. Det kan vera trådlause løysingar, eller internett-telefoni.

Inger Vollstad, NKOM

Inger Vollstad fortel at det er veldig få utan mobildekning i Noreg i dag. Ho jobbar i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Foto: PRESSEFOTO

Moderingsdirektør i Telenor, Arne Quist Christensen, fortel at stort sett lukkast med å oppfylla krava til tale når det så kalla fastnettet, eller kobarnettet, vert fasen ut.

Sidan 2019 har talet på privatpersonar med fasttelefon frå Telenor gått ned frå 150.000 til rett under 3.000 per i dag.

– Då me starta dette arbeidet meinte me at 5-6.000 adresser i Noreg låg utfordrande til for mobildekning. Men no er me nede på om lag 300 adresser. For dei aller fleste av desse finst det løysingar med anten mobilnett og spesialutstyr, eller breiband, seier Christensen.

Får besøk av Telenor

Berre om lag 10 hus i heile Noreg ligg så utfordrande til at satelitt-telefon er einaste løysing.

Denne veka skal Telenor ta turen til Eikemo og prøva å få løyst problema til Geir Arne.

– Me har god tru på at me vil lukkast. Men me må alltid ta atterhald om at topografiske forhold kan gjera det vanskeleg, seier han.

Kan få ny mobilmast

På lang sikt kan det også komma ei betre løysing for Eikemo. Etne kommune har nemleg fått pengar frå Vestland fylkeskommune for utbygging av breiband.

– Eikemo er ein av dei stadene me vil prioritera. Og der det kan vera ganske enkelt å få til ei løysing. Men dette er arbeid som skal ut på anbod, seier ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), som innrømmer at ho ikkje likar at innbyggjarane i kommunen ikkje får dekning.

Ho trur at løysing med mobilmast er enklare å få til enn utbygging av breiband t.d.

På Eikemo håpar bonden Geir Arne at det kjem ei løysing.

– Eg har budd her heile livet, og er van med at ein ikkje får hjelp frå storsamfunnet. Men eg har håp om at det kjem ei mobilmast, seier han.

Garden Eikemo ligg til høgre i dette i biletet

På andre sida av Åkrafjorden ligg garden Eikemo. Først må ein ta båt, deretter bil.

Foto: Olav Røli / NRK

Tilbod om 100Mbit/s-breiband

Kommunar med best breiband-dekning

Tabell en av en
KommuneArbeidsledighet i prosent
Arendal97 %
Birkenes78 %
Bygland76 %
Bykle91 %
Evje og Hornnes90 %
Kilde: Samfunnsøkonomisk analyse AS for Næringslivets Hovedorganisasjon