Hopp til innhold

Gaularfjellet blir opna 1. mai

Den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet blir likevel opna 1. mai neste år. Dette vedtok eit samrøystes Utval for samferdsle og mobilitet i dag. Fylkesrådmannen ville ikkje opne vegen før 1. juni, men dette vart altså forkasta av politikarane. – Svært gledeleg og viktig for reiselivsnæringa, seier Jenny Følling (Sp) som har kjempa for tidleg opning av turistvegen.

Utsikten ved Gaularfjellet
Foto: Jiri Havran / Jiri Havran