I vedtaket tok formannskapet ein del forbehald, men det var rett og slett fordi ein enno ikkje veit korleis den endelege løysinga blir sjåande ut. Søknaden frå Høyanger kommune gjaldt stønad til eit selskap som skulle overta Fundo i tilfelle ein konkurs, men på NRK i dag høyrte Kjelstad at det også var aktuelt å gå inn i selskapet saman med dagens eigarar. Dermed gjorde formannskapet i dag berre eit prinsippvedtak, for så å kome tilbake til saka når ein veit meir. Formannskapet i Gaular var aldri i tvil om at dette var ei sak dei måtte støtte. Mellom 40 og 50 personar i Gaular er tilsett ved Fundo, og Kjelstad seier at ei nedlegging av felgfabrikken ville ha store negative ringverknader, både for Gular og distriktet elles.
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Balestrand kommune er bedne om høvesvis sju og to millionar kroner i lån, og dei tek sine avgjerder i morgon.