Den anerkjende gatekunstnaren «Harem» legg ein siste pensel på eit innblikk inn i intensivavdelinga på Rikshospitalet. Det er viktig at kvart strøk blir perfekt.
Dei siste to vekene har han stått i eit atelier i heimbyen Bergen fleire timar kvar dag. Han tek oppgåva på stort alvor.
– Eg har veldig stor ærefrykt! Særleg sidan eg ikkje har møtt sjukepleiaren, berre snakka med henne på telefon. Så må eg finne ut av kven ho er på bakgrunn av dei, og eit einaste bilete.
No er han så godt som ferdig med det store måleriet som er basert på eit fotografi teke av ein annan sjukepleiar inne på intensivavdelinga.
SISTE HAND PÅ VERKET: Gatekunstnaren ønskjer å løfte fram yrkesgruppa han sjølv er ein del av.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKSeks kjende gatekunstnarar bidreg
Det er det bergenske kommunikasjonsbyrået Piece by Piece som saman med Norsk Sykepleierforbund har teke initiativ til kunstprosjektet.
I tillegg til måleri av seks kjente kunstnarar vert det laga både video og musikk til kvart verk.
Komponist André Lund seier det er særs givande og utfordrande å portrettere sjukepleiarane.
– Det er fantastisk og utruleg spennande! Enkelte netter får eg ikkje sove fordi eg ligg og tenker på uvesentlege små detaljar. Det er veldig viktig at det blir kanonbra!
Innhaldsansvarleg Ruth Donovan i Piece by Piece vil halde mykje av det vidare prosjektet hemmeleg, men lover at det kjem til å halde høg kvalitet.
– Vi har fått ja frå seks av dei mest kjende gatekunstnarane i landet. Det har ikkje vore vanskeleg å få folk til å stille opp på dette prosjektet.
FEKK JA: For Ruth Donovan var det ikkje noko problem å få eit ja frå gatekunstnarane.
Foto: Elise Angell / NRKVil vise fram fagpersonane
Motivet frå Rikshospitalet skal hengast opp på Oslo Sentralstasjon. Det er første av seks som skal opp i ulike norske byer. Gatekunsten blir mellom anna å sjå i Trondheim og Tromsø. Sjukepleiarane som blir portretterte skal vise fram ulike sider av sjukepleiaryrket, og har blitt plukka ut gjennom ein landsdekkande konkurranse.
Lill Sverresdatter Larsen er forbundsleiar i sjukepleiarforbundet. Ho seier prosjektet opphavleg vart til for å markere det internasjonale sjukepleiar- og jordmor-året.
– Vi vil vise fram tydelege, modige og stolte sjukepleiarar. At dei er fagpersonar, dyktige og dedikerte.
Larsen seier dei opplever at folk byrjar å gje sjukepleiarane den anerkjenninga dei fortener.
– Korona-krisa har gjort at mangelen på sjukepleiarar har blitt tydeleg. Yrkesgruppa sitt arbeid har vore litt usynleg for folk, men no ser folk at det er sjukepleiarane som får helsevesenet til å fungere.
DETALJAR: Maleriet er basert på eit fotografi som vart teke av ein annan sjukepleiar.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKYrkesstoltheit
Med ein rask strek signerer «Harem» biletet. Kunstnaren er sjølv nesten ferdig utdanna sjukepleiar.
– Det som appellerer til meg med yrket er at du kjem så nær folk. At du verkeleg kan bety noko.
Og han er glad for at yrkesgruppa no vert løfta fram.
– Det handlar om yrkesstoltheit. Eg har alltid vore stolt av å vere sjukepleiar, men no meir enn nokon gong.
Verket hans av sjukepleiarane på Rikshospitalet skal avdekkast tysdag 12. mai.