Då Bergen kommune skulle friske opp ein murvegg ved fotballbana i bydelen Møhlenpris, og fjerne tagging og andre skribleri, forsvann også verket «What do you see?» av gatekunstnaren «Argus».
– Dette er berre trist, sa leiar for Idrettsservice i Bergen kommune Terje Reistad då han oppdaga feilen som var blitt gjort.
Men no kan kommunen puste letta ut – gatekunstverket er tilbake på veggen der det høyrer heime.
– Dette kjende me ikkje til. Viss det stemmer er det utruleg artig, seier Reigstad då han får høyre at «Argus» har vore ute og sett opp att kunsten.
– Då har me berre ein ting å seie, tusen takk!
LES OGSÅ:
– Eg blei så glad då eg såg det
Øyvind Lasse Høysæter jobbar på Møhlenpris og har kunna sjå rett på «What do you see?».
– Eg såg frå jobben at dei måla på veggen og tenkte «herlegheit, eg håpar dei målar rundt». Men så måla dei over.
I dag fekk Høysæter seg ei gledeleg overrasking då kunstverket igjen var tilbake på veggen.
– Eg blei så glad då eg såg det. Det er veldig mange her i området som bryr seg om det verket.
Også Reigstad er svært fornøgd med at kunstnaren i løpet av natta har vore ute og plassert kunsten tilbake på veggen.
– Me utfordra jo han delvis til det. Så det var veldig kjekt at han tok oppfordringa. Me er veldig fornøgde, seier Reistad.
LES OGSÅ: