Hopp til innhold

Gassflaske i brennande låve – fleire hus evakuerte

Politiet har evakuert fleire hus etter at det tok fyr i ei løe der ei gassflaske er lagra. Skarpskyttarar vurderte å skyte hol på flaska.

Brann Austrheim

EKSPLOSJONSFARE: Ei gassflaske i den brennande låven, gjer at naudetatane evakuerer alle i ein radius på 300 meter.

Foto: Gunn Berit Wiik / Strilen

Brannvesenet opplyser klokka 22.43 at brannen er sløkt. Gassflaskene er identifisert og så kalde at dei ikkje lenger utgjer nokon fare. Situasjonen er under kontroll, melder innsatsleiaren på staden.

Klokka 20.22 fekk brannvesenet melding om at ei gamal løe på Lagmannsneset i Austrheim stod i full fyr.

Meldinga var fyrst at det verken var menneske eller dyr i løa, og at det ikkje var fare for spreiing.

Framme på staden fekk naudetatane vite at det var ei flaske acetylen, også kalla sveisegass, lagra i bygget. Det blei då igangsett evakuering av eit område med radius på 300 meter frå løa.

Det skal også vere to gassflasker i eit bygg like ved.

Tør ikkje skyte hol på flaska

Skarpskyttar frå politiet i Bergen blei sendt til staden for å skyte hol i flaska.

Men etter å ha snakka med eigaren av løa, vurderer dei no å la vere. Årsaka er at ein av flaske kan innehalde oksygen, og ikkje acetylen.

– Det er eksplosjonsfare forbunde med å skyte hol på ei oksygenflaske, og difor kan dei ikkje skyte, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Det blir difor truleg ikkje aktuelt å skyte hol på flaskene likevel.

Evakuerer fleire hus

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt veit ikkje kor mange menneske som er i området, men det ligg rundt 25 hus like ved.

– Det er evakuert fem hus på sørsida av brannstaden, seier operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit.

Ifølgje Strilens journalist på staden skal det ha samla seg mange folk utanfor evakueringssona.

– Det er ligg både hus og hytter i nærleiken, opplyser vakthavande Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

Låven er no heilt nedbrunne, og brannvesenet driv med ettersløkking og nedkjøling av nabobygget.

Lagmannsneset