Garden til Per Einar er litt for liten: – Dei neste åra kan vi miste alle dei mellomstore bruka

SUNNFJORD (NRK): 32 år gamle Per Einar Ness vil gjerne leve av å vere mjølkebonde, men garden er i minste laget. Bondelaget fryktar at siste rest av dei mellomstore mjølkebruka snart kan vere vekke.

Per Arne Nesse

FRUSTRERANDE: Per Einar Nesse har hatt teikningane for ny fjøs liggjande i ei skuffe i fem år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– På åttitalet var jo dette ein ganske stor gard, men ting har forandra seg, seier Per Einar Ness.

Han har teke over farsgarden i Årbergsdalen i Sunnfjord, og driv med mjølkeproduksjon.

Garden har ei mjølkekvote på mindre enn 150 000 liter mjølk i året, noko som er typisk både på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Men skal du byggje ny fjøs og ta opp stort lån, så er det i minste laget.

Difor har óg talet på mjølkebønder av denne storleiken, på det som blir kalla mellomstore bruk, krympa med mange tusen dei siste ti åra.

Er garden for liten, slit bøndene med å tene nok pengar til å betene lånet på ein ny og stor fjøs.

– Det er ikkje eit alternativ å ikkje fornye seg heller, for det er så mange nye krav til dyrevelferd og anna samanlikna med då denne fjøsen vart bygd, seier Ness.

Bondelaget fryktar at dei siste forsvinn

Utviklinga har altså berre gått ein veg i mange år. Frå meir enn fem tusen mellomstore mjølkebruk i 2009, til godt under 2000 i dag.

Og Bondelaget er endå meir redde for kva som vil skje dei neste ti åra, då fryktar dei at det som er att også skal ryke med.

– Dei neste åra er det mange gardsbruk av denne storleiken som står føre eit generasjonsskifte. Om det ikkje blir meir lønsamt for dei å investere i nye bygg, så kan vi miste ein berebjelke i det norske landbruket, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

– Men mengda mjølk som blir produsert her i landet har ikkje gått ned på same måte som talet på mellomstore bruk, er det ikkje fornuftig rasjonalisering som går føre seg?

– Om denne utviklinga held fram i same tempo, så vil vi ikkje klare å produsere så mykje mjølk som vi treng. Då må vi importere endå meir, og det tykkjer vi er veldig synd, seier Felde.

Anders Felde i fjøsen

VIL HA MEIR PENGAR: Anders Felde og Bondelaget vil ha ei større satsing på investeringstilskot til bønder som byggjer ny fjøs.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Regjeringa: – Går riktig veg

Bondelaget meiner at investeringstilskota frå staten til bønder som byggjer nytt, må bli kraftig auka dei neste åra.

Det nærmar seg tidspunktet for dei årlege jordbruksforhandlingane, og difor vil ikkje regjeringa gå inn på detaljane i subsidiane, men statssekretær i Mat- og landbruksdepartementet Widar Skogan (KrF) meiner at ting no går riktig veg.

– Det er riktig som Bondelaget seier, at ordningane til no har gjort det vanskeleg for ein del mellomstore bruk, men regjeringa har tilpassa landbrukstilskota til dét problemet, og allereie i fjor såg vi resultatet av den endringa. No er det mange fleire mindre gardsbruk som satsar, enn for nokre år sidan, seier Skogan.

Statssekretær Widar Skogan.

GÅR RETT VEG: Wider Skogan og regjeringa meiner at ting ser lysare ut enn for nokre år sidan.

Foto: Torbjørn Tandberg