Hopp til innhold

Garasjetaket til Knut tatt av vinden: – Kunne vore livsfarleg

Vinden herjar på Vestlandet og fører til straumbrot, trevelt og kolonne på fjellet.

Knut Starheim sin garasje vart tatt av vinden

VIND: Vinden tok tak i garasjetaket til Knut Starheim, og sende det rett i ein bil i nærleiken.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Utover morgonen har det blåst kraftig opp langs kysten av Vestlandet. Uvêret og vinden har ført til fleire hendingar rundt omkring i Hordaland.

I Vognstølen i Bergen reiv vinden opp taket på ein dobbeltgarasje og sende det rett inn i ein parkert bil i nærleiken. I Fana har 60 kvadratmeter av taket på ei bustadblokk losna, og politiet evakuerer området rundt.

– Livsfarleg for folk

Garasje-eigar Knut Starheim fortel til NRK at han vart ringt opp av ein nabo, som fortalde garasjetaket var vekk.

– Han fortalde at taket hadde knust eit gjerde kring 30 meter unna, samt frontruta på bilen hans.

Ingen personar kom til skade, men Starheim er klar på at det kunne gått langt verre i den kraftige vinden.

– Når eg kom hit låg heile taket i ein stor haug, og det kunne vore livsfarleg for folk rett og slett.

Stormen raserte garasje i Bergen

Knut Starheim viser fram garasjetaket som losna på Landås i Bergen i dag.

Sjukehus var utan straum

Brannvesenet har vore på staden og sikra garasjetaket. No ligg det inne i garasjen under fleire sandsekkar.

Vinden har også skapt problem for straumnettet. Delar av Nordhordland og Bergen sentrum var utan straum i dag tidleg.

Kring 5000 husstandar totalt gjekk i svart. Også Haukeland sjukehus mista straumforsyninga. Her slo naudaggregata inn, opplyser pressevakta i Helse Bergen til NRK.

Politiet har også fått inn meldingar om velta tre over heile fylket. I Os er Hegglandsdalsvegen stengt ved nummer 595 fordi det er fare for at fleire tre kan velta. Allereie har eit tre treft ein høgspentleidning her, opplyser politiet.

– Frå Bergen sentrum får vi uromeldingar frå publikum når det gjeld stillas og anna. Her er vi ute å sikrar og gir beskjed til huseigarar om å gjere sikringsarbeid. Vi oppmodar alle til å feste lause gjenstandar, for det skal blåse i heile dag, avsluttar Magnussen.

Tre i Flyplassvegen i Bergen

Dette treet låg over Flyplassvegen ved Flesland i Bergen tidlegare i dag. 'Overalt' i fylket får politiet meldingar om tre som har velta.

Foto: 03030-tipser

Storm i fjellet

Utover dagen skal det blåse liten til full storm på fjellet. Meteorologane seier det kan føra til stengde fjellovergangar.

– Det er mykje vind på heile Vestlandet, men det blir ikkje store endringar i løpet av føremiddagen. I Bergen sentrum har det vore liten kuling med sterke vindkast. På Liafjellet på Sotra har det vore full storm og kraftige vindkast, fortel vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim.

I fjellet er det i dag observert sterk storm på Folgefonna, medan det har vore liten til full storm i Røldalsfjella. I Sogn og Fjordane har det blåse full storm.

– Her kan det bli enno meir vind i ettermiddag, avsluttar Tjøstheim.

  • Fleire trafikkmeldingar finn du her!
Vind på Sotrabrua nyttår 2015

På Sotrabrua merkast vinden godt. Dette biletet er tatt i 09.30-tida. Brua stengjer om vinden passerer 25 m/s.

Foto: Anders Ekanger / NRK