Hopp til innhold

Brann i garasje – uvisst om lynet slo til igjen

Ein garasje stod i full fyr på Halbrend i Førde. Eigaren såg at det lynte og kort tid etter kom det røyk frå garasjen.

Her driv brannvesenet å sløkkjer brannen i garasjen.

UTBRENT: Bilen som byrja å brenne er heilt utbrent. Foto/redigering: Rune Fossum

– Det var brann i ein garasje, men brannvesenet har fått kontroll på brannen og driv no med kjøling, opplyser alarmsentralen.

– Det er ukjent om det er fare for fleire hus i nærleiken, opplyste politiet like før brannen var under kontroll.

Eigaren av bilen kom raskt til staden og fekk starta sløkkingsarbeidet. Personen er no sendt til sjukehus for kontroll. Han trur det mest sannsynleg har vore lynet som har var årsak til brannen.

– Vi såg at det lynte, og kort tid etter høgde vi kraftig tore. Fem minutt etterpå såg nokon på gata at det kom røyk frå garasjen, fortel eigaren.

I garasjen stod ein eldre bil som hadde teke fyr.

Ettermiddagen til brannvesenet har vore travel. Det starta med ein skogbrann ved Movatnet etter eit lynnedslag. Om brannen i garasjen starta av sama årsak kan dei ikkje seie sikkert.

– Men no har vi ein ny skogbrann. Det er ein liten grasbrann mellom Skei og Byrkjelo som vi no er på veg til, fortel Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen.

Brann i garasje
Foto: Rune Fossum / NRK
Brann i Førde
Foto: tipsar
Utbrent bil etter brann i garasje

UTBRENT: Bilen som byrja å brenne er heilt utbrent.

Foto: Rune Fossum / NRK