Hopp til innhold

Går vidare til NM med festivalsokkar

Ideen til Shoesaver UB oppstod då eit par kvite sko vart øydelagde under ein festival. No skal elevane frå Årdal vidaregåande representere Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter.

Shoesaver

HER ER PRODUKTET: Ei kasse med produktet shoesaver, eller festivalsokken som det heiter på norsk. I mai skal bedrifta Shoesaver UB frå Årdal representere Sogn og Fjordane i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Anders Lereng og Hans Skogli er elevar ved linja sal, service og tryggleik ved Årdal VGS. Saman med fire andre elevar driv dei ungdomsbedrifta Shoesaver UB.

Shoesaver UB

UNGDOMSBEDRIFTA: Bak frå venstre: Ørjan Sunde Vik, Mathias Rinde, Andrine Natvik og Hans Skogli. Fremste rad: Anders Lereng og Thomas Jevnaker Lien.

Foto: Wibeke bruland / NRK

– Ideen oppstod på den lokale musikkfestivalen Målrock. Der hadde ein i bedrifta prestert å ta på seg kvite sko. Det hadde regna heile veka og festivalområdet var moldete og ekkelt. Dette resulterte i at dei kvite skoa vart øydelagde, fortel Anders Lereng.

Kåra til beste ungdomsbedrift i fylket

14. mars gjekk fylkesmessa for elev- og ungdomsbedrifter av stabelen i Førde. Shoesaver UB vart beste ungdomsbedrift.

– Vi var med på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i mars. Der deltok vi i åtte konkurransar og stakk av med seks prisar. Vi scora spesielt høgt på å vere innovativt i marknaden og ha eit stort verdiskapingspotensial, fortel Skogli.

– Det var ein stor dag for alle oss i bedrifta! Vi har tru på produktet vårt, fortel Lereng

Shoesaver UB

MED FESTIVALSOKKAR PÅ: Anders Lereng og Hans Skogli. – Produktet kjem i størrelsane 36 til 48. Vi har også gjennomsiktige ettersom ungdommar likar å vise fram skoa sine, fortel Lereng.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Har fleire avtalar i boks

– Vi tilrår produktet til dei som reiser på festivalar, men vi har også selt til bedrifter, fortel Skogli.

Forskjellige bedrifter i lokalsamfunnet har kjøpt produktet.

– Vi selde til ei bedrift her i Årdal som ville ha det som julegåver. Den lokale bilforhandlaren kjøpte 100 par til bruk i dei nye bilane i tilfelle motorstopp. Men den viktigaste avtalen har vi med Målrock, ettersom det er festivalar vi siktar oss inn på i starten, seier Lereng.

Shoesaver UB

LOGO: Shoesaver UB siktar seg inn på å selje produktet på festivalar. Dei har alt ein viktig avtale med Målrock i Årdal.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Festivalsokk med miljøfokus

Elevane tok kontakt med ein leverandør i Asia der produktet no vert produsert.

– Det er ein plastikksko i PVC-plast som toppar heile skoen og går opp til anklane. Den har sole i hard plastikk som ikkje vert øydelagt om ein trakkar på stein eller ein spiss gjenstand, seier Lereng.

Dei har tenkt på miljøutfordringane.

– Vi skal prøve å få til ei panteordning. Der kan dei som leverer inn den brukte festivalsokken få avslag på neste kjøpt. Dette skreiv vi om i dokumentasjonen på messa. Det var eit viktig punkt på kvifor vi vann, seier Skogli.

Shoesaver UB

FERDIGE PRODUKT: Anders Lereng og Hans Skogli med kvar si kasse med festivalsokkar. Dei har tru på gull i NM.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Er klare til NM

Ungdomsbedrifta shoesaver UB skal representere Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter. Denne går av stabelen 4. og 5. mai på Lillestrøm.

– Vi går for gull! Sjølv om det kan bli hardt, vert det uansett ei fantastisk oppleving.