Hopp til innhold

Går ut med namn etter dødsbrann i Bergen

Det var 37 år gamle Marita Hansen og 39 år gamle Trond Lønborg som døydde etter brannen på Møhlenpris i Bergen 25. januar. Dei to var sambuarar med to felles born. Politiet går ut med namna deira i samråd med dei pårørande, skriv dei i ei pressemelding.

– Førebels har me ikkje nokon mistenkte i saka. Me held alle mogelegheiter opne for kva som kan vera årsaka til brannen, seier politiadvokat Eli Valheim, som er påtaleansvarleg for etterforskinga.