Går inn for luftmåling i Flåm

Formannskapet i Aurland gjekk i går samrøystes inn for å måle luftkvaliteten i den populære cruisebygda Flåm, det skriv Sogn Avis. Tidlegare har både ordførar Noralv Distad (H) og fleire andre politikarar vore skeptiske til slike målingar, men etter at statssekretær Atle Hamar (V) oppmode til å måle luftkvaliteten i ein uttalte til NRK tidlegare i vår, har politikarane no snudd.

Cruiseskip i Flåm
Foto: Erling Oppheim