Hopp til innhold

Går hyttevakt for å passe på tomme hytter

Mange hytteeigarar er bekymra for hyttene sine som no blir ståande tomme. I fleire kommunar har lokalbefolkninga starta tilsynsdugnad for å trygge hyttefolket.

Heidi Rosseland

HJELPER TIL: Heidi Rosseland i Gulen går innom mange hytter for å sjekke at alt står bra til.

Foto: PRIVAT

– Eg går så mykje tur uansett, så eg kan like gjerne legge turen innom ei hytte eller to for å sjå til at alt er greitt, seier Heidi Rosseland.

Heidi bur i Gulen kommune, ein kommune som har nesten like mange hytter som hus.

Då regjeringa innførte forbodet som forbyr overnattingar på fritidsbustadar utanfor heimkommunen, tenkte Heidi med ein gong at her måtte ho hjelpe til.

– Det var det første eg tenkte når restriksjonane vart innført. Eg bur faktisk i ein hyttekommune.

Ho tok kontakt med ein kjenning som har hytte i kommunen og tilbaud seg å sjekke at alt var greitt med hytte, båt og naust. Då spurde han om ho også kunne sjå til dei andre hyttene i same hyttefelt. Og slik vart ho hyttevakt for eit heilt hyttefelt.

– Eg føler eigentleg at me har ein plikt om å gjere dette så lenge me sjølv er friske og kan gå ut. Det er jo ein vinn-vinn situasjon. Dei blir trygga ved at hyttene blir sett til, og eg får meg ein veldig fin tur på plassar som eg elles ikkje ville gått.

Og Heidi er ikkje åleine om å stille opp på dugnaden.

– Det er veldig mange som har melde seg til å sjå til hyttene til dei som no ikkje kan reise ut i påska.

Jan Harry Larsen

BYPÅSKE: I år blir det bypåske på hytteeigar Jan Harry Larsen.

Foto: Privat

Hytteeigarane ber om hjelp

Hytteeigarar over heile landet er no bekymra over at hyttene blir ståande tomme over ein lengre periode.

Jan Harry Larsen er ein av dei. Han har hytte i kommunen der Heidi no går hyttevakt.

Sjølv om han svært gjerne skulle vore på hytta over påska, så respekterer han hytteforbodet og restriksjonane som er innført. Likevel er han bekymra for at noko skal skje med hyttene medan dei er vekke, anten som følgje av uvêr eller innbrot.

Difor la han ut ei oppmoding på Facebook der han bad fastbuande om hjelp.

Jan Harry Larsen ber om hjelp til å sjå til hytta
Foto: Skjermdump / Facebook

– Eg har fått veldig god respons på facebookinnlegget. Eg har fått mange kommentarar, og alle kommentarane er positive.

Han set pris på at dei fastbuande no stiller opp.

– Eg ser det at ein del fastbuande legg gåturen innom hyttefeltet for å sjå til hyttene. Eg blir litt tryggare når eg veit at det er nokon som følgjer med.

Nedgang i vinningskriminalitet

Lensmann i Nordhordland politidistrikt, Kjell Idar Vangberg, er kjend med at mange hytteeigarar no er redde for innbrot, men han har ikkje sett noko auke av denne typen forbryting. Snarare tvert imot seier han at kriminaliteten har gått ned siste vekene.

– Det er ganske få som driver med hytteinnbrot no. Me kan aldri garantere noko, men det er ikkje noko trend no.

Lensmann i Lindås, Kjell Idar Vangberg

NABOHJELP: Lensmann Kjell Idar Vangberg ser positivt på at fastbuande har starta tilsynsdugnad.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK


Sjølv om politiet har patruljar i området, er det vanskeleg for dei å sjekke kvar einaste hytte. Difor synest lensmannen at tilsynsdugnaden er eit godt tiltak.

– Eg tykkjer det er bra med nabohjelp. Folk har framleis lov å reise på hytta for å ta velferdssjekk. Då er det fornuftig at hyttefolket allierer seg med kvarandre eller ber dei som er fastbuande i området om å sjå til hyttene.

Kommunen hjelper til

I Eidfjord kommune er det og mange hytteeigarar som er bekymra. Her har kommunen tilbode seg å gå på synfaring for å trygge hytteeigarane.

– Dei som er interesserte i tilbodet kan sende ein mail til kommunen. Då vil me sjekke hyttene og kome med ei tilbakemelding til eigarane, seier varaordførar Aslak Lægreid.

Dette tilbodet skal hindre at det blir ei stor tilstrøyming av hyttefolk til kommunen.

– Det har ikkje helsevesenet kapasitet til.

Set pris på hyttefolket

I Gulen er Heidi førebudd på å halde fram med tilsynsdugnaden så lenge ho er frisk. Ho ser fram til å ønskje hyttefolket velkommen tilbake etter at koronakrisa er over.

– Me set pris på hyttefolket! Me har lyst til at dei skal vere her og at dei skal trivest i kommunen. Det viser me no ved at me tar initiativ og går ein runde i hyttefeltet. Me viser at me bryr oss, og det er viktig i desse dagar!