Hopp til innhold

Går hardt ut mot Støre i asylpolitikken

Han er oppgitt over at Jonas Gahr Støre og resten av partileiinga ikkje tek eit generaloppgjer med Framstegspartiet i asylpolitikken.

Vereide og Støre

KRITISERER STØRE: Fylkespolitikar Torbjørn Vereide (Ap) er skuffa over si eiga partileiing i asylpolitikken. Det er på tide å vise seg frå ei meir human side, meiner han.

Foto: Montgomery, Henrik / NTB scanpix

Markant AUF-medlem og fylkespolitikar Torbjørn Vereide, meiner leiinga i Arbeidarpartiet burde i langt sterkare grad teke avstand frå Sylvi Listhaug og det han meiner er Frp sin inhumane asylpolitikk.

Ap-politikaren frå Nordfjord er på ingen måte imponert over korleis partileiinga i Oslo står fram i den oppheita norske asyldebatten. No ber han partileiar Jonas Gahr Støre ta til motmæle mot Sylvi Listhaug (Frp) sin asylpolitikk.

– For passiv Ap-leiing

– No håpar eg verkeleg at Gahr Støre lyttar til grasrota i Arbeidarpartiet, at vi seier nei til å sende flyktningar fram og tilbake som pingpong-ballar i minusgrader og at vi seier nei til å varetektsfengsle folk som ikkje er skuldige i lovbrot, seier ein engasjert Vereide.

Han meiner Sylvi Listhaug og FrP altfor lenge har fått lagt føringane i asylpolitikken.

– Medan syrarar og andre har vorte sende over grensa frå Finnmark til Russland i 30 minusgrader, har Ap-leiinga vore altfor passive. Dette kan ikkje halde fram, seier Vereide.

No håpar eg verkeleg at Gahr Støre lyttar til grasrota i Arbeidarpartiet, at vi seier nei til å sende flyktningar fram og tilbake som pingpong-ballar i minusgrader

Torbjørn Vereide

Likar ikkje retorikken

Vereide har ingen sans for regjeringa sin retorikk i asyldebatten og meiner at det blir brukt ein retorikk frå regjeringa som påpeikar at asylsøkjarane vil gjere det vanskeleg for Norge.

– Fokuset har i hovudsak vore på korleis vi skal greie å sende flest mogleg ut av landet raskast råd. Så opplever vi at Arbeidarpartiet ikkje tek til motmæle, men at ein i staden dansar etter Frp si pipe. No er det på tida at vi ikkje berre konkurrerer om å vere strengast mogleg, men at vi rakrygga viser oss frå vår humane side, seier Vereide.

– Dansar etter pipa til Frp

Vereide har fleire gonger vore i fokus som ein av dei som overlevde terroren på Utøya i 2011, og har markert seg som ein tydeleg politikar i Sogn og Fjordane.

– Det som er problemet mitt med dette her er ikkje berre at dette er ei inhuman vinkling på eit veldig viktig tema. Det er også det Arbeidarpartiet etter mitt syn ikkje tek til motmele, men heller dansar etter pipa til Frp. Det synest eg ikkje er bra nok.

Får ikkje støtte sentralt

Arbeidarpartiet sin partisekretær, Kjersti Stenseng, vil ikkje vere med nokon kritikk av partiet si haldning til den pågåande asyl- og flyktningpolitikken.

– Det er ikkje slik at vi dansar etter Frp si pipe, vi tok initiativ til veldig mykje av det som ligg i forliket. Vi er tydelege på at sjølv om vi skal ha ein streng og rettferdig asylpolitikk, så skal vi sikre at folkeretten blir teke vare på for dei som reiser ut av landet.