Hopp til innhold

Førde går for tre nye poeng i historisk toppkamp mot Asker på heimebane

Med siger i dag vil Førde gå forbi Bærum og på nytt vere heilt på topp i si 2. divisjonsavdeling. Men då dei først tukte Lars Bohinen sitt mannskap.

Øystein Myrkaskog scora to mål for Førde mot Kjelsås

NY JUBEL? Øystein Myrkaskog er Førde sin toppskårar hittil i årets sesong. Blir det ny jubel når han og dei andre på Førde møter Asker i ettermiddag?

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det er ein historisk toppkamp som blir spelt på Førde stadion i ettermiddag. Etter åtte strake sigrar er forventningane skyhøge når tabellnabo Asker kjem på besøk.

Med den tidlegare landslagsprofilen Lars Bohinen som trenar, har Asker eit klart mål om opprykk.

Men Førde-trenar Knut Erik Folland trur ikkje at spelarane hans vil føle noko ærefrykt når dei går ut på grasmatta i dag.

– Vi gler oss veldig til kampen i dag. Asker er ein av to favorittar, dei har kanskje vore best i inleiinga av sesongen medan vi og Bærum har hatt ei kurve som har peika oppover, seier Folland til NRK.no.

– Heilt open kamp

Han meiner at dette toppgjeret er heilt ope. Førde imponerte sist kamp då dei straffa den gamle storklubben Moss heime på Melløs med 0-5.

– Eg ser dette som ein heilt open kamp. Eg trur vi har eit godt nok lag, eg trur vi er godt nok rusta til å ta tre poeng i dag. Eg trur ikkje vi kjem til å spele med høge skuldrar. Heime går vi alltid for siger, seier Folland.

Han forstår at folk no forventar nok ein siger, etter ein sesong som har gått over all forventning for Førde.

Utan Nygård og Iversen

– Forventningane vi hadde før sesongen har eskalert i takt med at vi har gjort det bra, og vi må tole at folk ventar siger i dag. Samstundes så er dette ein referansekamp for oss. Vi vil uansett få avdekka kvar vi står. Om vi ikkje vinn kampen, vil vi i alle fall få svar på kvar vi må utvikle oss vidare, sler Folland fast.

Førde må i dag klare seg utan Kristoffer Håland Iversen og Tor Erik Nygård, som begge har karantene.

– Utanom det stiller vi med toppa lag, det kan eg love, seier Knut Erik Folland.

Trur det blir ein tøff kamp

Trenarkollega i Asker, Lars Bohinen, trur det blir ein tøff kamp på Førde stadion. Til Firda sler han fast at det blir tøft.

– Førde speler veldig direkte, køyrer på overgangar, og er bra solide fysisk som lag. Dei har også eit par spelarar som ber laget, så når vi møter dei er det å møte dei fysisk vår første prioritet, seier Bohinen til Firda.