Hopp til innhold

Gjer alt for eit OL i Oslo i 2022 - forlengar meir enn gjerne karriera

Skiskyttaren Tarjei Bø vil gjere alt for å få med seg eit OL i Oslo i 2022. Han meiner det vil vere eit stort løft for idretten. Han får ikkje støtte av Frp-fylkesleiaren.

Tarjei Bø

VIL VERE EIT HØGDEPUNKT: 26-åringen Tarjei Bø vil gjerne forlenge karrieren for å få med seg eit OL i Oslo i 2022.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det aukar sannsynet veldig for å kunne delta på heimebane. Eg vil vere 34 år i 2022 og det er jo ingen alder, seier Tarjei Bø.

Stryningen er 26 år og står med eit OL-gull, sju VM-gull og ein siger i verdscupen samanlagt. Han ønskjer ikkje å blande seg inn i den politiske debatten, men påpeikar at eit OL i Oslo vil få stor postiv innverkand for heile Norge.

– Det meiner eg absolutt. Å få oppleve eit OL på heimebane er noko av det største ein kan vere med på, seier Bø.

Politisk dragkamp

Den beinharde politiske dragkampen om Oslo og Norge skal arrangere OL eller ikkje i 2022, vil få si første avklaring i løpet av onsdag i samband med at Høgre si stortingsgruppe skal avklare si rolle i saka.

Den måten ein no turer fram er faktisk samanliknbart. Dersom vi ikkje bryr oss om folkeviljen, er vi ikkje betre i Norge enn i dei diktatura som vil arrangere OL.

Frank Willy Djuvik

Dersom det blir nei frå Høgre, blir saka lagt død ein gong for alle. Seier Høgre ja, vil den politiske kampen halde fram. Det store spørsmålet blir då kva Arbeidarpartiet vil gjere.

Vil ikkje betale for karriere-forlenging

Framstegspartiet har allereie sagt nei til OL, og fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, er sterk OL-motstandar.

– Eg meiner Tarjei Bø er ein fantastisk idrettsutøvar og representant for Sogn og Fjordane. Men eg er ikkje villig til å betale 35 milliardar kroner for at han skal få forlenge karrieren sin, seier Djuvik.

– Men dersom ein ser på OL på Lillehammer i 1994, vil dei aller fleste hevde at det vart ein stor suksess og eit stort nasjonalt løft. Kvifor kan ein ikkje gjer det same i Oslo?

– Det er veldig stor forskjell på OL på Lillehammer og det som skjer i dag. 70 prosent av folket støtta OL på Lillehammer. I dag er det eit klart fleirtal mot OL. I tillegg har det vorte veldig mykje dyrare å arrangere OL enn det var i 1994, seier han.

Bjørn Dæhlie

OL: Tarjei Bø trur OL i Oslo kan gje Norge det same løftet som OL på Lillehammer gjorde. Her ser vi Bjørn Dæhlie etter eit av gulla han tok.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Meiner vi framstår som eit diktatur

Men er det betre at diktatura Kina eller Kazakstan arrangerer OL?

– Den måten ein no turer fram er faktisk samanliknbart. Dersom vi ikkje bryr oss om folkeviljen, er vi ikkje betre i Norge enn i dei diktatura som vil arrangere OL.

Du forheld deg til meiningsmålingar, men det norske demokratiet er ikkje bygd på meiningsmålingar. Kvifor er det meiningsmålingar vi skal halde oss til akkurat i OL-saka, og ikkje i andre saker med store kostnader for staten?

– Meiningsmålingane viser kva haldning folket har i denne saka. Men for meg må ein gjerne halde ei folkeavrøysting om vi skal arrangere OL eller ikkje, seier Djuvik.

(Saka held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik

OL-MOTSTANDAR: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, vil ikkje betale 35 milliardar for eit OL i Oslo.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Går ikkje utover breiddeidretten

Nils R. Sandal, tidlegare fylkesordførar for Senterpartiet og leiar i Sogn og Fjordane i idrettskrins, støttar ikkje Djuvik sin argumentasjon.

– Eg synest OL er viktig for heile nasjonen. Vi veit at alle benkar seg framfor sendingane og føl sine utøvarar.

Sandal viser til at OL på heimebane er eit mål for mange idrettsutøvarar. Vidare påpeikar han at Norge som rik vintersportsnasjon bør ta på seg ansvaret for å arrangere eit OL. Han er ikkje uroa for at eit OL vil få konsekvensar for breiddesatsinga.

Eg trur eit OL vil vere motiverande for breiddeidretten

Nils R. Sandal

– Intensjonen er at det ikkje skal gå utover løyvingane til idretten rundt om i fylka. Eg trur eit OL vil vere motiverande for breiddeidretten, seier han.

Viktig med god planlegging

Kostnadsoverslaga viser at OL i Oslo vil koste om lag 30 milliardar kroner. Dette er mykje, og bør ein ikkje heller bruke midlane til andre føremål?

– Det er mykje pengar. Men dersom ein planlegg godt, slik ein gjorde i samband med OL på Lillehammer, vil det bli veldig bra. Etterbruken blir god og nasjonen vil ha nytte av både idrettsanlegga og infrastrukturen i lang tid framover. Dette viste seg både etter OL i Oslo i 1952 og OL på Lillehammer i 1994, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Nils R. Sandal

SEIER JA: Leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Nils R Sandal, trur ikkje eit OL vil gå utover breiddeidretten.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frank Willy Djuvik trur derimot at eit OL i Oslo vil gå utover breiddeidretten.

– Det Nils R Sandal då undervurderer kraftig er at pengane skal gå av budsjettmidlar. Det betyr at når ein brukar så mange milliardar av budsjettmidlane, blir det mindre igjen til idrettsanlegg, frivillig arbeid og til infrastruktur, seier Djuvik.