Går for naturen
I dag blir det arrangert marsjar 22 stader i heile landet. – Målet er å hindre vindkraftutbygging i verdfull natur, opplyser DNT. – Vi er ikkje mot vindkraft på land, men byggjer vi ned urørt natur på vegen gjer vi uoppretteleg og dobbel skade, seier styreleiar Per Hanasand. I Sogn og Fjordane går marsjen til Brandsøyåsen i Florø.