Hopp til innhold

Gamlekarane heltar på Internett

Oddvar Torsheim og Olav Stedje jublar for fangrupper på nettstaden Facebook.

Oddvar Torsheim
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Men eg veit vel ikkje eigentleg kva Facebook er, seier Stedje.

Facebook er ein sosial nettstad der medlemmene opprettar ein eigen profil, der dei fortel om seg sjølve og legg ut bilete. Brukarane kan og melda seg inn i grupper, som til dømes kan støtta artistar. Oddvar Torsheim er rørt over å ha ein så stor heiagjeng på nettet.

- Fantastisk

- Nei, dette hadde eg verkeleg ikkje rekna med, seier biletkunstnaren og musikaren frå Sunnfjord.

Torsheim gjer store auge når han ser at han denne tirsdagen alt er oppe i over 380 medlemmer.

- Det er jo heilt fantastisk! Og så flott side! Ligg dette verkeleg på Internett?

Musikken lever framleis

Olav Stedje kan ikkje skilta med fullt så mange medlemmer som Oddvar Torsheim - den 7. mai hadde Stedje vel 230 personar i heiagjengen på Facebook. Han er ikkje mindre stolt av den grunn.

- Det er jo heilt utruleg at ungdommen høyrer på meg enno. Tenk at både eg og musikken min framleis lever, seier Stedje.

- Hadde du ikkje venta det?

- Eg hadde vel venta at eg skulle leva, men musikken var eg litt meir usikker på, humrar musikaren frå Sogndal.

HØYR: Oddvar Torsheim og Olav Stedje på Facebook