Her ligg gamle skip i kø for å bli til skrapjern

Bedrifter som hogger opp skip har stor aktivitet og fulle ordrebøker langt ut i neste år. Årsakene er grønt skifte og aukande medvit om miljøet, meiner næringa.

Hos Norscrap West på Hanøytangen ligg mange skip i kø for å verta til skrap.

TRAVELT: Hjå Norscrap West på Hanøytangen er det travle tider. Det er tilfelle også ved andre verft som er godkjente for skipssanering. Her ligg skipet «Southern Explorer». Bak ligg ferja «Melderskin».

Foto: PRIVAT
CO₂ i atmosfæren
413,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,0°C
Les mer  om klima

– Me er fullbooka til februar/mars i alle fall, men det kan også vera at det vert til april/mai før det vert ledig kapasitet, seier Erik Ræstad, prosjektkoordinator hjå Norscrap West på Hanøytangen.

Verftet vann kontrakten på å hogga opp fregatten «Helge Ingstad», men ifølgje Ræstad er det mange andre båtar som også vert hogd opp.

– Det er ein del offshorefartøy, men også ferjer, seier han.

Her er ei gammel ferje, Melderskin, som vert klypt opp ved Norscrap sitt anlegg på Hanøytangen.

ASKØY-FERJE: Her ligg den gamle Askøy-ferja, Melderskin, og vert plukka i bitar. Stål vert senda til gjenvinning, medan miljøfarleg avfall vert levert til godkjente mottaksstader.

Foto: Privat

Grønt skifte

Prosjektkoordinatoren meiner det er fleire årsaker til at den norske skipshoggebransjen har fått vind i segla.

– Akkurat no er det ei brytningstid for skipsbransjen. Det er stopp i kontraktar for ein del offshorefartøy. Vidare er me inne i det grøne skiftet, som gjer at ein del gamle fartøy vert byta ut med nye fartøy som går på andre formar for drivstoff. Mellom anna har me hogd ein del ferjer, seier han til NRK.

Erik Ræstad, prosjektkoordinator ved Norscrap West på Hanøytangen.

VANSKELEG JOBB: Å hogga opp eit skip krev mykje utgreiing på førehand. Erik Ræstad fortel at det spesielt er miljøgifter dei ser etter.

Foto: PRIVAT

Travelt i Trøndelag

Også ved eit anna verft i Noreg, som er godkjent for å sanera skip, er det travle tider.

– Eg trur at det har lege ein god del gamle båtar rundt omkring, og der eigaren har hatt von om at dei skal komma i drift igjen. Men så har ein vorte meir medviten om miljøaspektet, og i staden velt å hogga, seier Knut Grinde ved Fosen Gjenvinning i Trøndelag.

Dei har hogd over 400 skip dei siste åra, hovudsakleg innan fiskeri. Men dei siste åra har det også vorte meir skip frå andre næringar, som offshore.

Maritime Albatross i Kvinnherad.

GAMMALT SKIP: Kystverket har mellom anna hjelpt Kvinnherad kommunen i ei sak om dette gamle skipet, Maritime Albatross, som har lege i kommunen i mange år.

Foto: Olav Røli

Aukande problem

Direktør for miljøberedskap i Kystverket, Hans Petter Laahne Mortensholm, seier til NRK at dei får eit aukande tal på spørsmål frå norske kommunar om korleis dei skal handtera gamle skip som vert liggande.

– Me har fått fleire spørsmål enn me fekk tidlegare. Før var det gjerne spørsmål om fiskefartøy og liknande, men no er inntrykket mitt at kommunane har utfordringar med større skip, seier han.

Kystverket har mellom anna hjelpt Kvinnherad kommune i ei sak om eit gammalt skip som har lege ankra opp i mange år. Laahne Mortensholm ynskjer ikkje å kommentera denne konkrete saka, men seier på generelt grunnlag at desse sakene er krevjande for kommunane å handtera.

Hans Petter Mortensholm

MANGE SPØRSMÅL: Hans Petter Laahne Mortensholm er direktør for Miljøberedskap i Kystverket. Han fortel at dei får mange spørsmål frå norske kommunar om å ta hand om gamle skip.

Foto: Marianne Henriksen, KYSTVERKET / Marianne Henriksen KYSTVERKET

Sel skip til hogging

Reiarlaget Solstad Offshore på Karmøy er eitt av reiarlaga som vil kvitta seg med gamle skip.

Tidlegare i oktober selde dei sju av sine skip til verftet Green Yards Feda og Green Yards Kleven.

Ifølgje Finansavisen har dei sju skipa, som er bygd i tidsrommet 1996 til 2008, ein samla verdi på 167 millionar kroner.

– Reknestykket på hogging er ikkje bra. Samstundes er dette skip som har lege i opplag i lang tid, og der kostnaden med å få dei i drift vil verta større enn å selja dei til opphogging, seier Kjetil Ramstad, økonomidirektør i reiarlaget.

Kan kosta

Ifølgje Ræstad på Hanøytangen kan det faktisk vera eit negativt reknestykke å hogga gamle båtar.

– Dette kjem mellom anna på kor mykje miljøfarleg avfall, som asbest og PCB, som er om bord i skipet, og der ein må bruka mykje tid på å ta hand om dette og få det levert til godkjente mottak. Men i dei fleste tilfella så vil det vera ein positiv verdi for kunden å levera eit skip til hogging, seier han.