Hopp til innhold

Gamle skattar kan bli øydelagde

Sunnfjord Museum i Movika i Førde er lagringsforholda til fleire tusen museumsgjenstandar så dårlege at dei står i fare for å verte øydelagde.

Jon Barlund og Gunnhild Systad på Sunnfjord Museum

- DET HASTAR: Jon Barlund og Gunnhild Systad.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gjenstandane blir lagra i dei gamle museumsbygningane som står rundt på tuna, og der er variasjonen i luftfuktigheita altfor stor. I eitt av husa er det fleire hundre gjenstandar som kjempar ein seig kamp mot temperatur og luftfuktigheit.

Handverkar Jon Barlund konstaterer at termometeret inne i eitt av husa viser minus 6,3 grader, og at det er 83 prosent relativ luftfuktigheit.

– Det maksimale for dei aller fleste gjenstandane er 40 til 60 prosent. Dette er eit problem heile året. Gjenstandane har ikkje optimale forhold. Det er stor variasjon både i temperatur og luftfuktigheit, og det er det som er skadeleg.

Og det er ikkje noka løysing å flytte sakene til magasinet i hovudbygningen, for der er det smekk fullt, seier museumsdirektør Gunnhild Systad. Ho ligg av og til vaken om nettene og funderer på korleis dei skal løyse floka.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tunet på Sunnfjord Museum

IKKJE EIGNA FOR LAGRING: Mange gjenstandar er lagra i gamle hus på museet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gjer så godt dei kan

I seg sjølve er bygningane på museumstunet viktige gjenstandar. Men dei er ikkje eigna til oppbevaring. Over tid kan dette føre til at gjenstandane tek skade eller vert øydelagt.

Tregjenstandar vert angripne av mugg og mott, dei sveller ut når det er fuktig og krympar når det er tørt og, og jarn rustar som kjent når det er fuktig.

Systad og Barlund gjer så godt dei kan med å førebyggje skadar og reparere gjenstandar.

– Vi har sjekk ein gong i veka på temperatur og fuktigheit i alle husa. Vi kan ikkje gjere så mykje meir, men data over tilstanden har vi iallfall rikeleg av.

(Artikkelen held fram under biletet).

Plan for nybygg på Sunnfjord Museum

PLANANE ER DER: Slik ser dei danske arkitektane for seg nybygget.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Har planar for magasin, men...

Løysinga er å realisera planane om eit fellesmagasin på området til Sunnfjord Museum. Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterte i fjor til ein open plan- og designkonkurranse, der eit dansk arkitektkontor stakk av med sigeren.

Men pengane som skal til for å realisere dei fine planane finst førebels ikkje.

Gunnhild Systad seier det hastar med å få bygd eit magasin som kan ta betre vare på kulturarven.

– Det er gjenstandane som er eigenarten til museet. Det er ikkje noko som kan erstatte dei. Dette har med vår kollektive arv å gjere, og det ansvaret må nokon ta, før det er for seint.